søndag 23. mai 2010

Fekk jobben!!

Eg har hatt nåken nervepirrannde veker. Onsdag var eg på intervju. Hadde brukt heile kvelden før til å finne ut kordan eg skulle ha håret og ka eg skulle ha på meg. Eg spurte Jomfruene på loftet om eg skulle gå for ein røff og kul stil med utslått hår eller en mild og moden stil med oppsatt hår. Jomfruene sin dom var at eg kunne ikkje vore kul om eg hadde stått på hodet, så derfor blei det mild og moden stil...



Dei hadde kalla inn 5 stk til intervju. Var EKSTREMT nervøs, men då eg kom inn roa nervene seg. Mannen min sa eg ikkje måtte snakka for møkje men eg fekk nå sagt det eg hadde tenkt og meir til.

Så var det å venta. Og venta og venta og venta. Holdt på å bli gal av å lure på utfallet. Hadde fått beskjed om at eg skulle få svar i løpet av fredagen, den dagen blei lang, veldig lang... Men så fekk eg svaret, eg fekk jobben. Blei veldig glad!

Nå får eg altså eget KONTOR. Var innom og sjekka litt fargar. Blå kontorstol, blå panelgardiner og blå stoler rundt møtebordet. Det bety at eg kan ha rosa Keep calm-plakat og så har eg tekt å kjøpe meg ein Green gate kopp òg.





Starter i den nye jobben 1. august. Gleder meg veldig!



søndag 9. mai 2010

Ny jobb?

Eg vurderer sterkt å skifte jobb. Har vore 13 år på samme plass og trives svært godt men har lyst på nye utfordringer. Så den siste tida har eg nå slengt i vei nåken søknader.




Hvis eg får ny jobb får eg faktisk eget kontor... Ka gir du meg?  Eg har allerede innreda kontoret i hodet. Har lyst på ein Keep calm-plakat på veggen. Lille maison har et bra utvalg. Kan sikkert bestille ein der. Ja eg vett eg e seint ute i fohold til andre i bloggverden men det får bare våge seg.




Veldig spennande tid framover. Nå må eg bare krysse finger og tær.


mandag 3. mai 2010

Jomfru på hybeljakt

Det er hektiske dager for meg for tida. Den eldste av jentene våre fekk jo i påsken beskjed om at huset ho bur i skal selges og hu måtte ut til 1. mai.



Eg satte straks i gang med å tråle nettet etter ny hybel for Jomfruene på Loftet nekta å ta Jomfrua på Hybel inn i huset igjen.
Me fant nåken kollektiv som kunne være aktuelle men tanken på nåke litt for seg sjølv gjorde seg nå gjeldande. Jomfrua har nemlig ein venn som har egen leilighet med stue med sovealkove, eget kjøkken og eget bad. For tusen kroner meir enn ho betaler nå kunne denne draumen bli virkelighet. Eg syntes jo det var litt dyrt med 4100,- eks. staum, særlig når ho ikkje gidder jobbe men berre har lyst til å gå rundt å sveve og leve på luft og kjælighet og Fjordland.




Men me tok nå turen ned på Hybelparadiset og låste oss inn. Hybeldraumen var ekstremt sytgg. Eg vil ikkje kalla det nåke mareritt men eg blei svett og klam. Meir innrøyk hus trur eg du skal leite lenge etter. Og hybelen var ekstremt nedslitt og gammal. Kjøkkenet var fra 1958. Det hadde nok vore vaska der i løpet av åra men maling var det dårlig med. Badet såg ut som ein mini-utgave av dusjanlegget  på barneskolen min. Trist.



Jomfrua mente me kunne lufte ut og kjøpe nåken puter men eg fant ut at det måtte ekstremt mange puter til for å få hybeltragedien opp på et noenlunde normalt nivå. Me slo det fra oss.




Så kom det beskjed fra hybelverten. Hu kan bu der til 1. juni og kameraten til husvverten skal kanskje kjøpe huset og fortsette å leige ut og då kan hu i alle fall fortsette å bu der.



Men draumen om nåke eget hadde hu fremdeles. Løsningen på det kan bli ein kollega av meg. Hu står for utleige av ein del hybler oppe i gata her. Da får hu et rom på ca 20 m2, kjøkkenkrok men må dele bad med 3 andre. Det skal hu berre betale 2000,- eks straum. Det er gode muligheter for at hu får nåke ledig i løpet av sommeren. Krysser fingrene.






Bildene av puter har eg lånt fra Zara Home

Ny mal

Eg har lenge forsøkt å fiksa litt på bloggen min. Eg har lest om sånne HTML-koder men skriver du et komma eller et tall feil må du gå rett i fengsel og du mottar ikkje 200 kr sjølv om du passera START. I tillegg til detta kan bloggen bli heilt grusom stygge og ting kan forsvinna. Så eg såg min begrensning i tasting av kodar og gav opp.




Eg har fått masse tips fra Jorid fra Noe på hjertet og i kveld var eg tilfeldigvis innom henna igjen. Og der låg det et nytt godt tip for oss som HTML-angst, nemlig en ny malvelger. Den må du sjekke ut!





Eg var litt redd for å velge ein ny og skummel mal, eg lika jo godt den gamle, gode med brunblomstrete 70-tallstapet-bakgrunn. Men nå har eg kasta meg uti det og funnet ein eg lika godt. Dersom eg skulle havna i ei identitetskrise får eg heller sjå om eg ikkje klara å gjera om endringane.





Takk til Jorid for god hjelp.