onsdag 26. august 2009

På hybeljakt

Det var altså bestemt at dattera vår skulle studere her i byen og me håpte sterkt på at hu fekk seg ein hybel på et av studenthjemmene. Dvs EG håpte sterkt på det. Hu derimot var veeeldig skeptisk. Hu hadde nemlig hørt at det kunne være både kakkelakkar og maur og allslags anna skummelt på sånne heimar. Eg prøvde å overbevisa henna om at det sikkert ikkje var meir utøy der enn bak senga hennas.





Så ein dag kom svaret. Og Hipp Hurra! Hu hadde fått plass på et studenthjem 10 minutt med buss fra oss. Eg var srtålande fornøyd. Ikkje for langt av gårde men alikevel på egne bein. Eg heiv meg rundt og betalte depositumet i ein fei.
Men jentungen hadde tusen gode grunnar for ikkje å bu der. Hu kjente ingen, hybelen var for liten, udyr på felles badet, skumle ingredienser på kjøkkenet osv.

Den vanligvis så åpne og positive ungen var blitt veldig skeptisk til alt og me kunne liksom ikkje forstå det. Men ein dag kom forklaringen...

Omtrent et døgn etter at eg hadde fått beskjed om at eg ikkje hadde brystkreft kom hu sigande inn på kjøkkenet. Og skulle snakka med meg.

Hu prøvde så godt hu kunne å pakka det inn men faktum var at hu ikkje fekk godkjent to av fagene pga for høgt fravær. Eg kunne sikkert satt himmel og jord i bevegelse og lagt inn protestar både her og der men når ein har prioritert kjæresten framfor skulen så får ein vel berre ta konsekvensene.

Vel, det var berre å sette igang med å sei opp studenthybelen og gi seg ut på det spennande private markedet... Jentungen var fremdeles meget negativ til flytting men dei to i midten trua med både det eine og det andre hvis ikkje dei fekk overta rommet snart.

Etter ein telefonrunde satt me igjen med 6-7 aktuelle hyblar og jentungen og eg heiv oss rundt.


Det blei ein meget interessant studie av interiør og støv. Eg har vel aldri vore inne i skitnare, meir rotete og støvete hus. Hybelbuerar ryddar ikkje, dei vaskar ikkje og dei har ein ekskremt dårlig smak.







Ein av plassene me var på visning blei me møtt av ein kjempehyggelig mann på ca 25 år. Han viste oss stolt rundt i det skitnaste huset eg nåken gang har vært inne i. Heile tida snakka han om at den som skulle leige hybelen måtte selvsagt være reinslig og villig til å ta del i felles plikter gjøremål. Inne i stua var det dottar med kattehår over alt. "Ja me har ein katt og den røyter veldig akkurat nå" sa den unge, hyggelige mannen og la ein digerg lodott på den brukte tallerken sin. Eg trudde eg skulle besvima. Så jentungen og eg rygga ut og sa smilnde at me skulle ta kontak, vær du sikker.




Ein anna plass spurte eg husverten om komfyren var rusta på toppen? Men neida. Det var nok ikkje rust, berre resultatet av et år med steiking og null vasking.


Nåken plasser var det ikkje skittent men berre ekstremt dårlig/eksentrisk stil. Hybelbebuerar er ikkje så nøye på det...


Siste plassen kom me inn i et ganske stor, lyst og ikkkje minst reint rom. Det var ein to-mannsbolig som var gjort om til et kollektiv for 6 personer. Dei skulle dele kjøkken, stue og 2 bad. Husverten virka veldig grei og seriøs. På visningen var det også ei kjempesøte jenta på samme alder som dattera vår. Me skreiv kontrakt på stedet.


Etter dette har det gått slag i slag, IKEA, Kid, "nei, du kan ikkje få sengeteppe fra Green Gate" og x-antall turer opp og ned med bilen.





Så var det jobb. Det blir i kassen og bakeriavdelingen på Meny. Heilt greitt, seie jentungen. Men berre fram til jul. Då er planen å begynne på studier. Me får nå nett sjå.








Og kollektivet? Det er heil topp! Hu stortrives sammen med 4 andre jenter og ein gut. Og så er det berre 4 minutt og 28 sekunder å gå heim til plaster, heimelaga saft og svinesteik på søndag...




P.S Til alle ryddige, reinslige hybelbuere med god smak og stil: Eg vett at dåke finnes men eg har ikkje funnet dåke enda...

tirsdag 4. august 2009

Å hiva ungane ut av huset.

I vår var den eldste av døtrene vår ferdig på videregående skole og det innebar at ein ny epoke av livet vår tok til, nemlig den der ungane flytta ut av huset.






Heile hausten hadde hu trua med at når hu blei 18 år så var det over og ut, hu skulle flytte. Me prøvde å sei at det kanskje kunne være OK å venta til hu var ferdig med videregående, men nei. Hu skulle ut. Så kom 18 års dagen og det blei stille når det gjaldt flytting. Hu var fremdeles sur på oss fordi me var så teite men flytting var nå plutselig et ikke-tema.




Våren gjekk og hu hadde lite planar om ka hu skulle gjera når skulen var slutt. Eg og mannen min foreslo både studier eller et friår med jobbing men ingenting var av interesse. Hu ville berre driva med teater, aller helst på Nationalteateret eller Den nationale scene, men rollene der vokser ikkje på trær.





Etter mye om og men og ikkje reint lite grining og frustrasjon fra dattera vår søkte hu på nåken høgskoler og universitet. Eg sa at nå måtte hu tenke på å finne seg ein hybel og flytte ut og då begynte familiens største krangel, ever.









Hu ville ikkje flytta. Det var grining, hyling og skriking. Me brydde oss ikkje om henna og var utrolig stygge.

La meg nå komma med litt faktaopplysninger. Me bor i ein 5-roms leilighet som er ombygget til en 6-roms. Jentene, i alderen 15, 16 og 18,5 år har egen etasje med bad, tv-stue og 2 soverom. (også kalla Jomrfuloftet.) Det betyr at dei to på 15 og 16 deler rom og det er ikkje festlig å være 16 år og ligge øverst i etasjesenga når du har kjæreste...

Pusegutten på 9,5 år bur i 1. etasje med mamma og pappa og der skal han bu til han er 40 år
og kosa med mamma kvar dag. (Jentene spyr og himla med augene når eg seier detta, he he!)






Derfor har planen vært at dei to i midten skulle få hvert sitt rom når eldste jenta var ferdig med vgs. Nå sto dei altså klar med malingsspann og berre venta på å få Eget Rom.


Med ein grinande og to overivrige døtre var det ikkje så lett å vita ka ein skulle gjera. Eg snakka med venninner, kollegaer og naboer for å få råd. Skulle eg la henna bo heime et år til, og få dei to andre på nakken, eller skulle eg regelrett hiva henna ut?

Reaksjonane og rådene var tre-delt. Dei som hadde ungar under skolepliktig alder syntes eg var et monster og meinte eg burde sperrast inne for livstid, dei som hadde ungar over skolepliktig alder syntes at ungen måtte ut enten hu ville eller ikkje. og dei som ikkje hadde ungar bestemte seg raskt for at dei aldri skulle ha ungar og gjekk til innkjøp av uante mengder med preventiver.




Vel, på tross av mange gode råd så satte eg altså i gang prossessen med å få henna ut. Eg søkte på studenthyblar og drog henna med på visning på det private marked for å få henna til å sjå kor UTROLIG GØY det kom til å bli.

Og du hendelse kor mye rart me fekk sjå! Eg var egentlig i sjokk...


Ny faktaopplysning: Eg er egentlig ikkje så veldig ryddig av meg men har derimot ein mann som er heilt ekstremt ryddig. Han vaska, rydda, ordna, flytta og plassera som bare dèt. Og 20 års samliv med han har satt sine spor. Derfor har me det ganske strøkent her i huset. Unntaket er Jomfruloftet kor min mann ikkje setter sine bein med mindre det brenner.

Eg har denne sommaren funnet ut at hybelbeboere er ein egen rase. Eg har lært litt om vasking, husdyr og ikkje minst interiør.







Følg med i neste blogginnlegg...




(bildene er fra turen til Skottland i vår)