Eg var veldig lei av snøen her for ei tid tilbake men denne vinterferieveka har eg for første gang i historien følt meg som ein ekta nordmann.
Seks dagar på rad har eg vore på skitur og det var fantastisk kjekt.
Pusegutten. mannen min og eg har "snørt vår sekk og spent våre ski" og dratt ut for å kjenna vinden i håret, høyra det knitra under skia og kjenna smaken av puddersnø i munnen når eg låg der på håve i ei snøfonn.
Eg vaks opp i Sunhordland og der er det normalt lite snø. Far min var utlending og mor mi fabrikkeigardotter. Utlendingen gjekk ikkje på ski men gjerne på pub (lite pubar i Sunhordland) og fabrikkeigardottera var som resten av slekta opptatt av å skaffa penger. Kapitalistar går ikkje på ski... (jo nåken av dei e så rike at dei sikkert har tid til å gå på ski) Uansett eg har ikkje gått møkje på ski i oppveksten.
Men i år var det altså virkelig gode muligheter å forsøka seg i langrenssporet. Bergen har jo snøa fullstendig inne i år.
Me har kost oss i knallfine løyper, finare enn i Vancouver faktisk. Sol og snø, kaffi og sjokolade. Eg kjenner at dette kan eg lika...