Eg har alltid vore motstandar av Facebook. Har aldri forstått poenget med å ha 352 "venner" når dei fleste av oss berre har et titalls.
For nåken år siden fekk søstera mi Facebook og sendte meg ein venneforespørsel. Eg oppretta ein profil for å få slutt på maset og det var det. Det hendte at eg fekk mail om at ein eller kjenning fra fordums tid ville være venner med meg men eg gjorde ikkje nåke med det.
Så like før jul slo virkeligheten ned i pc'en min som ei bomba. Me fekk vita at nåken hadde laga ei hat-sida på Facebook om ein kollega av meg. Eg var sjokkert.
Eg gjekk rett heim og opna profilen på Facebook og la umiddelbart inn ein venneforespørsel til alle 3 jentene. Eg brukte et par dagar på å overtale dei til å ha meg som venn på Facebook. Litt lokking, luring og ein god posjon truslar om å stenge nettet på Jomfruloftet var ganske effektivt.
Nissar, lys og englar i alskens former på bloggen måtte nå vika for FB
Eg la nå til alle som ville være venner med meg og gjekk på profilane for å sjekke ut. Det var ein heller selsom opplevelse. Alle mine venner fra barndommen var blitt gamle, feite og hadde problemer med både førdøyelsen og anna. Eg gjekk og såg meg i speilet og kunne konstatera at det var mange år og mange kilo siden eg var "Sweet sixteen". Eg fjerna alle gamle venner.
Siden det har det berre balla på seg. Eg har nå 29 gode venner på Face som eg har lyst til å ha kontakt med og det blir stadig fleire.
Problemet er berre at Facebook tar tid og eg hadde lite tid til bloggen i utgangspunktet. Så då er spørsmålet kor møkje tid er de forsvarlig på bruka på dataen? Løvetannmannen begynna etterkvart å klaga. Her forleden kom eg dragande med både Emmeline, Solsikken, NIB-damene og X-antall kollegaer opp i senga. Eg fekk grei beskjed om at han var overhodet ikkje interessert i GreenGate, Riviera Maison, lys, blomar, talerkenar eller koppar når han gjekk til sengs...
Bildet er lånt fra nettbutikken til Riviera Maison
Til alle mødre og eventueller fedre der ute: Vær venner med poden på Facebook. Det er utrolig viktig at me voksne følger med på ungane sine aktiviteter enten det er fotball, friidrett eller Face.