torsdag 25. februar 2010

Livsstilsendring kanskje?

Det høyres sikkert ut som Jacob Sande i "Etter ein rangel", ja den der han skal byrja et nytt og bedre liv. Men eg skal ikkje gå så drastisk til verks. Eg må berre gjera nåken små forandringar.

Eg e i uttgangspunktet ei slanke dama og til tider har eg vore direkte mager. Etter at eg fødte 3 ungar på 3 1/2 år såg eg heilt fæl ut og folk trudde eg hadde anorexi og bendelorm på ein gong. Men det er nå ca 15 år siden og ca 20 kg siden.



Eg trur ikkje du vil kalla meg feit, eg ser heilt OK ut, eg har for eksempel nå fått både rumpe, lår OG  pupper (hurra!) Men eg har også fått litt mage og det e den eg vil ha vekk. Eg skal altså ta av 4 kg, og det burde ikkje være så veldig vanskelig.


Så for 3 veker siden bestemte eg meg for å gå på diett. Eg kjøpte inn masse ukeblader med ulike diettar og sette i gang med å lesa. Det var slank deg med meir fett, low carb-diett, slank med suppe, spis mindre-oftere og sunnere og tenk deg slank Joda, detta kom til å bli lett...




Eg tok litt av kvar diett og endte opp med å eta kvar 3 time, kutta ut ein del karbohydrater og ikkje minst kutta ut snop. Ja og så begynte eg tenka hardt på kor slank og fin eg ville bli.





Mandag morgen gjekk eg på vekta og noterte den i ein nyinnkjøpt notisbok. Nå skulle ALT dokumenterast. Første veka gjekk. Eg syntes eg var kjempeflink. Fredagen lot eg faktisk være å kjøpe den nye Stratosen med kvit sjokolade!



Mandag morgen nr. 2 og på vekta igjen. Eg fekk sjokk! Eg hadde ikkje tatt av et gram! Skuffa men fremdles ved godt mot tok eg fatt på neste veka og neste salat.

Denne veka var eg Oslo på kurs. Detta kurset inneholdt både mat, vin og ein runde i baren. Eg begynte å miste trua på nåke vektreduksjon.


Mandag nr. 3 nok ein gong veging. Nok ein gong 0 gram minus.

14 dagar uten snop er eg like feit og dobbelt så sur!




 
Nå er det berre å innsjå at eg må begynna å trena...

mandag 22. februar 2010

Kjære Gud nå er det nok...

Det e nok nå, meir enn nok. Me har forstått at du kan laga vinter i Bergen òg.




Kanskje e det nåken som har bedt veldig hardt om snø i år? Nåken som ikkje skal måke eit heilt boliglag for eksempel? Men eg trur dei er fornyd òg nå.  




Så vær så snill, gi oss litt regn, litt varmegrader og litt svart asfalt.




Du vett det finnes andre fine ting kvite ting òg. Snøklokker og kvitveis, vaniljeis og måkar. Kan du ikkje bytta ut snøen med detta?





Hvis nåken ber om meir snø så berre ignorer dei.




Med ønske om vår, Løvetann

tirsdag 16. februar 2010

1 års jubileum og sånn gavetrekning

Eg sat og sutra øve manglande fantasi og bloggtørke i går kveld då eg plutselig oppdaga nåke. Eg har hatt 1 års jubileum uten å merka nåke.



Dette må feirast med ein sånn festlige gavetrekning som eg ser andre har hatt. Juhu, detta blir gøy!

Gaven må bli nåke fra Berthas Oldebarn. Og siden dåke elska Green Gate så har eg funnet denne blomstrete saken. Emmeline kan sikkert sei nåke om ka type mønster det er osv. Så spør henna hvis du lurer.





Og her er reglane for denna jubileumstrekninga:

Kommentar = 1 lodd
Link = 2 lodd
Følger = 3 lodd

Trekningen blir mandag 1. mars

Lykke til alle sammen!


lørdag 13. februar 2010

Helg, igjen...

Vekene går så utrolig fort! Før du vett ordet av det så e det fredag igjen. Eg trur eg begynna å bli gammal...



Løvetannmannen har kjøpt blomster som vanlig. Han elska blomster og kjøpe nye kvar helg.

Denne helga blei det nåke som eg trur blir kalla "Fattigmanns orkide" Dei pleier stå veldig fint i 14 dagar. Ikkje dårlig må eg sei.




Tulipanane spretter jo opp på den eine bloggen etter den andre. Her er mitt "bidrag" denne helga. Fint mønster på dei synes eg.

Kos deg i helga!

søndag 7. februar 2010

Muffins

Pusegutten forlangte muffins i kveld og ka gjer ein ikkje for mamma sin lille prins?




Eg føler meg av og til som ei dårlig mor siden eg ikkje kan læra ungane å "røra smør og sukker kvitt, ha i et egg om gangen og røra godt mellom kvart egg osv". Eg må ty til Toro sine posar pga glutenallergien.

Eg kunne sjølvsagt ha laga med glutenfritt mjøl men resultatet blir så som så og Toro sine produkter er jo berre heilt topp.




Me hadde ein pakke sjokolademuffins, restar av nugat og dermed blei det muffins på 1-2-3




(vel, det var heller på 1-2-10 siden sikringane gjekk under steikinga. Dette huset er ikkje laga for ca 159 tekninske apparater som står på til alle døgnets tider...)




Snart mandag... Ha ei fine veka!

tirsdag 2. februar 2010

Award og utfordring

Eg fekk denne fine awarden av Huset med det rare her om dagen. Og med awarden låg det ei utfordring. (There's nothing like a free lunch...)

Uansett, eg elska utfordingar for då får eg et påskudd til å skriva nåke. Ikkje alltid lett å komma på nåke glupt å blogge om.


 


Eg har fått ein lignade utfordring før, Då skulle eg skrive 10 ting om meg sjøl. Det innlegget finner du HER

Eg skreiv visst helst rare ting sist så nå får eg prøve å supplere lista med nåke fornuftig.

  • Eg elska kokebøker. Men er veldig dårlig til å bruke dei...
  • Eg er veldig dramatisk (i følge sjefen og min mann)
  • Eg er gal etter nøtter. Mannen min kallar meg ei "ikodna" (ekorn på norsk)
  • Eg har 2 ungar som har ein genetisk sjukdom.
  • Eg lika veldig godt å shoppa. Helst vesker og sko.
  • Eg snakka veldig møkje
  • Eg er vill etter tekniske dingser
7 ting om meg. Når eg ser over lista var det visst ikkje så møkje bedre denne gangen heller...

Eg ser at mange har fått awarden allerede. Hvis du har lyst på ein award så ligger den her...