torsdag 24. desember 2009

Redda Steffen, død eller levande!!!

Søndags kveld, då det var skikkelig møkje snø ute gjekk Pusegutten og eg ned til butikken for å kjøpe søndagsgodt. (me hadde glemt lørdagsgodt på lørdag)






Nede i gata såg me ein liten katt som gjekk etter ei dama. Plutselig kom ein drosje som nesten kjørte på katten.  Det blei veldig dramatisk og katten redda seg under ein bil med møjke strev på grunn av all snøen. Dama gjekk inn og me forsto at katten ikkje var hennas. Me gjekk bort og kikka under bilen. Katten sat der og skalv.

Me gjekk inn på butikken og der såg eg rett på et bilde av samme katten!  Det sto at denne katten hadde gått rundt ute i området ei vekes tid nå og hvis ein savna katten måtte ein ringe et telefornummer. Eg bestemte meg for at hvis katten fremdeles var der ute måtte eg gjera nåke. Det skulle tross alt bli 10 minus om natta.

Då me kom ut fra butikken med søndagsgodtet fant me katten på hjørna med Tannlegehuset. Den mjaua så sårt og på tross av allergi så løfta eg katten opp og tok han med meg heim.





Då eg kom inn døra sa min mann at eg ikkje fekk lov å ta inn kattar når eg var så allergisk som eg var men han forsto raskt at detta var ein nødsituasjon og då får det berre våga seg med allergi.

Katten starta å mala straks han kom inn i hus. Han mol som han var galen, så glad var han. Pusegutten gav han mat og drikke og fant leiker og ei pute han skulle ligge på.





Eg sette meg straks med med pc'en og tenkte at eg måtte ringe Dyrebeskyttelsen som sikkert kunne komme å hente katten, men der tok eg feil. Der var sto det at dei får ca. tusen telefonar om bortkomne kattar kvar veka og berre kunne prioritere gravide og morlause kattar... Sukk. Eg kjente det begynte  å klø i augene.

Eg var rådvill. Det er liksom ikkje så lett å finna ein heim til ein katt på ein halvtime. Eg måtte undersøke litt meir på sidene til Dyrebeskyttelsen. Det var mange gode råd om kordan ein skulle gå fram. Men dette hjalp ikkje meg nå. Eg fekk sjå inne på "Savna Kattar"  Og der!! Der var det ei annonse om katten Steffen som var savna fra ein plass like i nærheten, og den passa perfekt til beskrivelsen. Eg greip telefonen og ringte. I andre enden svarte ein mann som blei veldig glad. Dette måtte være hans Steffen som hadde vore borte i over ei veka! Han skulle hive seg i ein drosje og komme.

Me koste med Steffen ei stund til og så kom ein ung og veldig glad mann. Visst var det Steffen. Han stappa katten inn i et bur, takka og gjekk.





Pusegutten og eg var veldig glade for at me hadde redda Steffen. Så tok eg Zyrtec, Spersallerg og tenkte at det blir aldri katt på oss. Men til sommare blir det kanskje hund...

(det er veldig vanskelig å fotografere kattar, dei ser jo aldri der du vil at du skal sjå...)

søndag 20. desember 2009

Hurra for kvite jul!

I går snøa det som berre søren her! Eg var i sjokk og ungane var i ekstase. Veldig kjekt for oss som vanligvis har våt jul og som gjerne tar til takke med nåken sure sludd-filler for å komma i julestemning.







Løvetannmannen og eg skulle forsøka å kjøpa nåken julepresangar og gjekk for å ta bussen. Bussen kom veldig raskt. Flaks tenkte eg og hoppa glad inn. Inne på bussen lukta det rart. Svidd gummi liksom. På neste stopp velta røyken inn i bussen. Den hadde tatt fyr! Uflaks, tenkte eg og hoppa sur ut igjen.







I byen var det julastemning til tusen.






Shoppa litt og tok ein buss uten svilukt heim igjen.

onsdag 16. desember 2009

3 sortar i boks!

Då det ser ut for at Pusegutten ikkje har tenkt å bli sjuke denna desemberen måtte eg berre setta i gang med å baka i ettermiddag.






Ei av jentene hadde prøve i morgen og måtte lese til den (også kalt Facebook...) og hu andre skulle på Lagunen og hjelpe nåken kammeratar med å kjøpa julepesangar så derfor blei Pusegutten tvinga til å være med å baka.






Siden eg har glutenallergi må eg prøva å unngå mjøl så derfor kjøpte eg to pølser med ferdig kransekakemasse. Puseguttlen trilla ut pølser  inn i ovnen i 8-10 minutt, Ferdig!







Så var det Sandnøtter ellet Potetmelstopper. Det er nåken veldig tørre men glutenfrie småkaker. Eg fant ikkje oppskrifta fra i fjor så eg søkte på nettet og fant ei som ikkje var heilt bra. Uansett, det blei nå kaker av det.






Til slutt måtte eg fram med mjølet. Har ei veldig god oppskrift på kakemenner. Knallbra deig for ungane å jobba med og du trenge ikkje bruka mjøl til utbaking.






Kvart år når eg står der med ørten brett med steikte kaker og berre har ei kakerist tekje eg at eg må kjøpa meg ei sånn rist i 3 etasjar som eg har sett i det festlige reklanebladet "Nytt og Nyttig". Men trur du det blir? Nei. Så då står eg der med kaker oppover øyrene og må finna all slags kreative løysingar i siste liten.







Det blir nok på samme måten neste år også.

lørdag 12. desember 2009

Forandring på Jomfuloftet.

Som nåken av dåke vett heiter loftsetasjen i leiligheten vår Jomfruloftet. Der oppe bur det for tiden 2 søte jomfruer etter at den eldste av jentene hardt og brutalt blei kasta ut i sommar... Hu trives forresten veldig godt i kollektivet men det er jo greitt å komma innom å få seg ein fiskemiddag i ny og ne.

Jomfruloftet besto i utgangspunktet av 2 soverom, et lite toalett og ei stor loftsbod. For 5-6 år siden bygde me nytt bad til dei og gjorde boden om til TV-stue. Og i dag ser det ut slik som dette.




Dusjhjørnet på badet



                     
                         TV-stuen                 

Men det er ganske mørkt for jomfruene og om sommaren smelta dei og svettar seg i hel. Så planen har vore å få to store takvinduer i TV-stova så dei får både luft og lys.

Og nå er vinduene bestillt! To vinduer på 140 x 70 cm må jo bli bra. Håpa å få dei på plass til jul.




søndag 6. desember 2009

Julekakebakst.

Kva einaste desember dei siste åra har Pusegutten vore sjuk ei veka og det synes eg er veldig praktisk. Då kan eg nemlig få bakt alle 7 sortane og nåken andre i tillegg.

Men i år ser det håplaust ut. Han vil rett og slett ikkje leggja seg ned. Eg tenkte jo at han kom til å få svineinfluensa, men nei. Så sat eg og venta på litt feber og sår hals men ikkje det heller. Omgangssykje er veldig stress men eg kunne jo ha baka litt mellom bøttene.




Nye dyrekakeformer fra IKEA


Nå er det ikkje sånn at eg ønker at Pusegutten skal væra sjuke men det var veldig praktisk.
I fjor hadde han feber og kunne ikkje gå på skulen men han var ikkje værre enn at han kunne væra med og laga både Serinakaker, kakemenner, vaniljesnittar og kokosmakroner.

Lurer på kordan det skal gå i år....

lørdag 5. desember 2009

Adventskalenderprotest.

Då ungane var små eg lagde eg 24 x 4 pakkar som eg hang opp på et kosteskaft. Det var et voldsomt arbeid og eg måtte jo begynna i august å samla på småting for å komma i havn.

Men så kom "Jul i Blåfjell" med ganske fine kalenderar og ungane syntes det var greitt hvis eg supplerte med ein sjokoladekalender eller nåke anna.






Men i år så blei det styr og protester. Eg syntes eg hadde gjort det bra då eg kom på å kjøpa ein Flax-kalender til kvar av dei. Enkelt for meg, spennade for dei. Jentene var fornøyd men Pusegutten var meir skeptisk. Mandags kveld kom han og sa at han kunne nå engetlig ha tenkt seg ein sånn med pakkar som kammeratane fekk. Eg prøvde å overbevisa han om at Flax-kalender var kanonkult og at han kunne vinna 500 000,- Han var ikkje veldig positiv.







Tirsdag morgen kom. Pusegutten sto opp med feil fot. Han var veldig sur fordi ikkje klærene matchet. Sokkane hadde feil farge og det går berre ikkje an. Så begynte han med ei hysteriske rydding av rommet sitt. Det var i følge han grusomt rotete og han klarte ikkje eta frokost før han han hadde fått orden på sakene.



Eg klarte omsider å få han inn for å skrape den kjempegøye Flax-kalenderen med det resultatet at han skrapte hull i heile kalenderen. Eg innsåg at eg måtte reise til byen etter jobb og kjøpe inn 24 ting til ein skikkelig kalender.

Ettermiddagen gjekk med til å pakke inn og fikse ny kalender. Fant ei gammal korg kor me samla dei 24 små og store pakkane.







Pusegutten var glad igjen og det var atter harmoni i heimen.

tirsdag 1. desember 2009

Tilbake til kvardagen igjen

Lørdags kveld slo 2 grader celcius mot oss då me steig ut av flyet som tok oss heim fra ei fantastiske veka i Sharm el sheikh. Pusegutten, Løvetannmannnen og eg har virkelig kost oss. Dette var virkelig beste "syden" ever.






I og med at Sharm ligger heilt nede på spissen av Sinai-halvøya var det alt for langt til pyramider og sånn. Skal ein sjå det må ein ha 2 veker. Og me var vel enig i at strand, sol, sjø ikkje er å forakte heller.







Me bodde på Novotel Sharm el sheikh som ligger i Naama bay. Plassen og hotellet var topp. Rommet vårt var 200 meter fra stranda og temperaturen var behagelige 30 grader i skyggen og 25 grader i vannet.





Eine dagen var me med på Kamelsafari, for det hadde Pusegutten veldig lyst til. Eg som egentlig ikkje er nåke "sydenmenneske" tenkte at detta kom til å  bli den pinligaste opplevelsen så lang dette århundre, og det blei det.

Sjå føre deg følgande:

Du blir henta av ei SUPERBLID guide-blondine-jenta, stua sammen med masse nordmenn på ein buss, må høyra at den SUPERBLIDE jenta leser feil opp av et manus som er sykt dårlig skrevet, du rir på kamel i 30 minutt, går opp et "fjell" som eg heller vil kalla et grustak. Ser sola gå ned. Så drikke du beduin-te, eter beduin-mat og dansar beduin-dans rundt bålet. Og så tar du bussen heim.







Ikkje heilt i mi gata. Men eg fant jo fort ut at melder du deg på kamelsafari så får du jammen være med på leken òg! Så eg var overentusiastisk, ropte "Ali Baba-group!", preika med dei andre norske og måtte berre kosa meg veldig! (ka gjer ein ikkje for at Pusegutten skal bli glad...?)







Og alt blei faktisk filma! Så då me kom heim i elleve-tida lørdags kveld måtte jentene og mor mi sjå 1 time med Kamelsafari på DVD! O happy day! Superstar på filmen var MEG. Jentene holdt på å besvima og meinte at eg var meir harry ein eller anna deltakar på "Charterfeber"







Men så var det søndag. Og ikkje hvilken som helst søndag heller, men den 1. søndag i advent. Eg kan lova deg at eg ikkje orka tanken på å henta fram stake, lys og stjerner...

Pusegutten var skuffa over min manglande entusiasme for advent. Eg foreslo Kamel-DVD men han var like sur.