torsdag 26. februar 2009

STOFF & STIL

Då eg kom heim i dag låg det ein katalog i postkassen. Den hette STOFF & STIL og er visstnok fra ein nye butikk i Åsane. Framsida såg ut som den var henta fra ein interiørblogg og eg begynte å bla interessert i den.






Her var møkje spennande! Prikkete dukar, hekla kakestykker stripete tøykattar og bordskånerar i tova ull. Her må eg ut å handla, tenkte eg.






Skuffelsen var stor då det gjekk opp for meg at eg faktisk må sy, hekla og tova sjøl... Detta er antgelig ein fancy utgave av Husfliden som mor mi pleide gå på. Bakerst i katalogen er prisar på stoff, garn, heklenåler og glidelåsar.





Mannen min kom heim, bladde litt i katalogen og heiv den rett i papirkorga. "Eg får fnatt av sånn husflids-krattel! Nå vil eg ha vår!" Ja ja, han som klaga på at eg ikkje gidde å sy meir...








For dei der ute som gidde å sy så er dette butikken. http://www.stoffogstil.no/
Dei to siste bildene er henta fra nettsida deiras.

søndag 22. februar 2009

Kremburgersøndag

I dag var det Kremburgersøndag og ungane gleda deg til å eta klissete kremburgerar til det tøyt ut av øyrene.





Det var desverre tomt for kremfløyte på Rema 1000 i går kl. 18.00 men eg satsa på nærbutikken som nesten har ope 24-7. Etter ein fine tur i det som nesten kan kallast vårvær gjekk eg inn på ICA'en for å få tak i krem. Heile Bergen og halve Sandviken var ute i samma ærend...




Så prøvde eg Innvanderbutikken. Men nei. Han lurte veldig koffer alle skulle ha krem i dag? Om det var ein fest? Eg forklarte at det var nesten som norsk Ramadam men altså uten fasting. Han rista på hodet og sa at neste år skulle han skaffe krem i bøtter og spann.


Ungane var jo meget besvikne då dei høyrde at det ikkje blei kremburger på dei. Ei av jentene tok faktisk på seg regnklær og gjekk frivillig ned på Bænneren (Shell-stasjonen) for å få tak i juksekrempåboks. Uten hell.






Så då blei det skillingsboller i stedet. Eg grov fram et stettafat eg fekk for nåken år siden. Ganske fint egentlig.




Ha ein fine Kremburgersøndag!


Bildene har jeg tatt sjøl eller lånt fra nrk.no




onsdag 11. februar 2009

Badekar med løveføtter

Mannen min har i lang tid snakka om at han har lyst på et badekar. Eg var i utgangspunktet ikkje spesielt positive. Eg vaks opp med et badekar som ingen brukte men som mor mi skrubbba med Jif i tide og utide.





Men altså, badekar var et tilbakevendande tema og det var ikkje hvilket som helst bakekar han skulle ha. Nei, han skulle ha badekar med løveføtter! :-0

Så ein dag kom det ein brosjyre fra fra ein "badekarbutikk" i posten. Dei hadde jo badekar i alle fasongar og prisklassar. Mannen min kasta seg over brosjyren som Pusegutten kasta seg over leketøyskatalogane. Han bladde forbi alle praktiske badekar med praktisk front og overkommelig pris og fant fram til ein lekker sak med løveføtter og trykk-og-slipp-propp i messing. Vidunderet kosta 17 999,50.


Det var jo uaktuelt for oss å kjøpa ein plaskebalje til 18 tusen spenn men han gav seg ikkje. Han ville ha et sånt badekar, så ein dag ringte eg ein gammal bekjent av meg som har et rørleggarfirma. Eg tenkte eg skulle undersøke litt for då kunne eg kanskje få slutt på maset. Kim har et badekar med løveføtter liggande på lur liksom...


Om han hadde badekar med løveføtter? Visst hadde han vel det! Ein kunde hadde nemlig bestilt et badekar men då han hadde fått det inn på lageret sitt nekta vedkommande å ta imot det. Så der sat han med badekaret og hvis eg ville ha det skulle eg få det for berre 15 000 kroner. Det var jo et godt tilbud men dyrt alikavel. Dette måtte me nå diskutera litt i heimen.


Mannen min blei vill og gal, detta måtte me ha! Eg ringte tilbake for å disktutera pris og før eg visste ordet av det hadde eg kjøpt et badekar til 13 000.




I forfjamselsen blei det nok litt uklart om me skulle hente det sjøl eller få det tilkjørt. Dagen gjekk, det blei ettermiddag og kveld uten at det dukka opp nåke badekar. Klokka 20.00 begynte det begynt å snøa kraftig og mannen min såg føre seg at badekaret hans sto aleina ute i snøen. Så me heiv oss i bilen og kjørte til badekarlageret - og der sto det. Nedsnøa og iskaldt! Vel, det var nå pakka inn i nåke papp og treplater. Etter masse strev fekk me det inn i bilen og fuglane vett kordan me fekk det inn i hus for det var svintungt.



Me satte i gang å montera det men oppdaga til vår store skrekk at løveføttene var borte! Tenk om nåken hadde stjålet dei! Krise! Dagen etter ringte me til rørleggaren og nåken timar seinare blei føttene levert på døra. Hurra! Føttene kom på plass og det var atter lykke i heimen.




Mannen min kom nå dragande med eteriske oljer, badekuler, skumbad, fresebobler med dinosaurar inni, badeender i all slags fasongar som skifta farge i varmt og kaldt vatn og flasker med maling som skulle gjera deg både glad og blid og blå. Det var ikkje måte på ka remedier som skulle puttast opp i karet. Og så var det lys og vin og musikk. Eg var imponert.





Så sto eg der og såg inn på badekaret med løveføtter og måtte jo innrømme at det var et vakkert badekar. Veldig vakkert.



Me ligge stadig å skvalpa oppi badekaret både med og uten vin, ender, kuler, bobler og musikk og det er veldig deilig.


Hvis din mann skulle komma heim og sei at han vil ha badekar med løveføtter er det bare til å sette i gang...

søndag 8. februar 2009

Morsdag

Jentene og Pusegutten kom ramlande inn på soverommet vårt i halv 10-tida med både pakkar og kort. Eg hadde egentlig sagt til mannen min at alle desse dagane berre e for at handelsstanden skal tjena penger men nett nå kjente eg at det var nå litt koselig alikavel.




Jentene hadde shoppa skål, kaffe og sjokolade fra Fryd (ein buttikk som må sjekkes nærmere ut) og ein veldig søt portemone fra Accessorize.




Så bar det ut igjen på ski! Eldste dattera vår skulle som vanlig på øving og du ana ikkje kor sjelden bussane går i Bergen på en søndag. Ja, det var jo til og med snø denne søndagen her... Men resten av familien blei stappa i bilen samen med x-antall par ski og akebrett og te og sjokolade.





Då me kom fram fant ei av jentene et tre, satte seg ned og putta iPoden i øyrene. Papppa og Pusegutten herja på i bakken.




Nå e planen å komma seg ut kvar kveld så lenge det e snø i Bergen.


lørdag 7. februar 2009

På ski

Siden det har kommet masse snø i Bergen dei siste dagane foreslo eg at me skulle lasta bilen med ski og sjokolade og ta oss ein laaang og god skitur i dag. Gjengen var ikkje veldig positive, for å sei det sånn. Nåken skulle på øving, andre på trening, ei hata å gå på ski og det var VM på skøyter på TV... Så derfor blei det Pusegutten og meg.

Me rigga oss te og kjørt avgårde. Været var flott og føret bra. Det e ikkje ofta me har det sånn i Bergen.

I morgen har eg planlagt at jentene skal være med oss. Det blir sikkert til høylytte protester. Av og te lure eg på koffer me gidde å dra på sure tenåringsjenter. Forhåpentligvis legge det et grunnlag som dei føre videre til barnebarna våre...

torsdag 5. februar 2009

Det vanskelige andreblogginnlegget

Gjekk greitt med den første. Har brukt et døgn på å fiksa og triksa men eg trur jaggu eg er fornøyd med sånn som den er nå.

Spurte forresten jentene om "sånn blogg" i dag.
Det var "såååå fjortis altså!" Måtte le for meg sjøl, hu eina er 15 og hu andra er 14. Vel, dei kunne berra advare meg, "blogg e bare så ut..." Eg måtte ikkje finna på å begynna med det.
"Har du fritidsproblemer eller...?" Og når eg tenkte etter så er vel fritid et lite brukt ord i vokabularet mitt.

Etter den forsiktige markedsundersøkelsen trur eg ikkje eg skal kringkasta i heimen at eg har starta denna bloggen.

Var hima med sjukt barn i går. Ungen blei raskt feberfri og kasta seg over Play Station og eg holdt på å kjeda meg i hel. Tok nåken blider av orkideane våre.


Skulle nesten tru at eg er ei gartnarspira men her i heimen er det han som stelle plantene og eg ser på dei. Grei fordeling.




Ein begynnelse

Å starta ein blogg e faktisk veldig vanskelig. sikkert lika vanskelig som å skriva ein roman.
Ka skal blogggen handla om, kim vil lesa den, ka for nåken bilder skal en ha med?


Eg har sett ein del på forskjellige bloggar i det sista. Interiørbloggane e jo dei finaste, særlig Emmeline sin. Men nå eg ikkje spesielt opptatt av interiør sjøl om det e fint.



Eg har mange spennsnde problemer som eg har lyst til å få hjelp til. Med 4 ungar i huset blir det lett nåken problemer. Kanskje det finnes nåken kloke hoder der ute?



Så må eg nesten avslutta med et bilde. Her e ei rosa fra hagen til svigermor.