torsdag 23. april 2009

Konfirmasjonsstressing

Hei alle der ut!
I dag er det nøyaktig 1000 stk som har vore på besøk hos meg! Det er jo heilt utrolig gøy!







Den siste tida har eg stressa på med konfirmasjonen til jente nr. 3. Det er kjekt men møkje arbeid. Glad det er 5 år til neste mann. Lørdag kl. 13 braker det laus med både sangar og talar. Skal berre ordna ca. ein million småting først. Lurer for eksempel på om bunaden min passar i år? Burde sikkert prøvd den på men har ikkje tid.




Det har vore lite blogging i det siste men eg kjeme sterk tilbake.













Kryss fingrane dine for oss på lørdag!

mandag 13. april 2009

...og der var påsken slutt.

Det e jo jysla vanskelig å ha hemmelig blogg når me har ferie og ungane henge rundt oss heile dagen. Derfor har eg ikkje klart å produsera et einaste innlegg med egg, gule lys, kvister og kyllingar.
Men nå e jentene oppe på "jomfruloftet" og Pusegutten e i seng så eg prøve å oppsummera påskeferien her.


Eg var utrolig sein med å få fram påskepynten i år. Skjærtorsdag grov eg fram både høns og gardiner og heiv dei opp i en fart.
Denne påskeharen med snurra øyrer ser lika sprø ut som ungane meina eg er.

Litt påskepynt son eg raska samen hos Nille, for 49,50

Då eg var på besøk hos mor mi traff me denna flotte væren. Pusegutten klappa han på horna og vett du, dei e VARME! Ein svært interessant oppdagelse. Eg visste ikkje at horn var varme men då e dei vel det på reisdyr, kyr og nashorn òg?

Det er alltid like traumatisk for meg å komma på besøk til heimbygda mi. Eg reiser ned så sjelden at dei har gjort store forandringar siden sist. Nå er det hyttebygginga som har slått til for fullt. Dei fleste plassane eg lekte på då eg var liten e nå vekk til fordel for hytter digre som hus. Ja ja sånn e det. Eg kan vel ikkje forlanga at dei skal la lekeplassane mine stå uberørt i tilfelle eg dukka opp. Eg fant nå vårens første hestahov i ein skrent som enda ikkje var fjerna av gravemaskinar og buldoserar.

Nå gleda eg meg til resten av våren med konfirmasjon, 60 års dag og tur til Stockholm.

onsdag 1. april 2009

Peiskos i heimen

Etter nyttår kom eg over ei annonsa i avisa der det sto at kommunen villle gi meg 5000 kr for den gamle kaminen vår. Kanon! tenkte eg og heiv meg rundt. Her var det førstmann til mølla som gjaldt og eg ville væra først. På null komma niks var eg nede i postkassen med søknaden.

På dette tidspunktet var eg allerede på nettet og søkte etter peis. Nå skulle det bli peiskos i heimen, du!







Mens eg venta på at søknaden skulle bli innvilga - for det måtte den jo - fant me ut at isbjørnskinn er jysla dyrt og vanskelig å få tak i og at kuskinna dei selger på LIVIVG e dritvonde å ligga naken på...






Jentene meinte forøvrig at å ligga naken på et skinn, forran peisen å drikka vin e sånn dei gjere på film men som ikkje egna seg for levande foreldrer. Særlig ikkje deiras foreldrer...

Så kom svaret, me fekk vrakpant! Det var berre å bli kvitt kaminen. Og ut fòr den før eg fekk tatt bilde. Så eg har nå lånt et bilde fra naboleiligheten som i desse dagar ligger ute for salg. Den er heilt identisk.






Nå er det sikkert nåken der ute som synes kaminen er fin eller som har ein lik men eg er altså veldig lei av den. Den tar for møkje plass, bruka et år på å bli varm og ikkje minst den forurenser som berre det.

Me demonterte "dyret" og bar den fra 3. etasje ned i kjelleren. Sjølve ovnen var ein rund jernkolbe. Utenpå den var det skiferplater som sikkert kan brukast te nåke.


Ryggen min og begge knea til mannen min røyk. Men ka gjere ein ikkje for å få litt peiskos... Då me kom ned merka me at me kunne tatt ut nåken steinar som låg inne i ovnen.


Så sto eg der og pusta ut og plutselig kom mannen min med badevekta! Nå skulle jernkolben vegast! Hallo? Vega ein ovn som skulle hivast? Den vog 57 kg. Så visset me det... Utrolig ka den mannen må dokumentera.





Ovnen blei kjørt til resirkulering, me fekk med oss et bevis på at me hadde levert den fra oss. Det skulle kommunen ha.

Nede på gjenbruksstasjonen fekk mannen min tårer i augene og klump i halsen. Det var jo så møkje flott materiale som kunne vore brukt til nåke. Eg minna han på mengder med gamle greier i kjellerbodene som venta på å bli brukt og han tok hintet.

Så var det å velga seg ein ny og fine peis. Me undersøkte på to lokale peisbutikkar og fant ut at 5000 kroner berre rakk til arbeidet med å få satt den nye peisen på plass!










Dei hadde jo billige ovnar men det var jo sånne som passa på ei hytta. Små, svarte Jøtulovnar f.eks. Eg hadde berre et krav og det var at eg skulle sjå flammane. Mannen min vurderte fordeler og ulemper med kleberstein, kakkelovn, pellets og ved.




Men me kom fram til at ein enkel og grei peisovn med reine linjer, ikkje for liten, ikkje for stor ville passa hos oss. Dermed enda me opp med ein Contura 500. Her er bilde av den men ikkje fra stova vår...








Nå er det berre å venta. Vinen er klar, men det med skinnet er eg usikker på...