søndag 22. februar 2009

Kremburgersøndag

I dag var det Kremburgersøndag og ungane gleda deg til å eta klissete kremburgerar til det tøyt ut av øyrene.





Det var desverre tomt for kremfløyte på Rema 1000 i går kl. 18.00 men eg satsa på nærbutikken som nesten har ope 24-7. Etter ein fine tur i det som nesten kan kallast vårvær gjekk eg inn på ICA'en for å få tak i krem. Heile Bergen og halve Sandviken var ute i samma ærend...




Så prøvde eg Innvanderbutikken. Men nei. Han lurte veldig koffer alle skulle ha krem i dag? Om det var ein fest? Eg forklarte at det var nesten som norsk Ramadam men altså uten fasting. Han rista på hodet og sa at neste år skulle han skaffe krem i bøtter og spann.


Ungane var jo meget besvikne då dei høyrde at det ikkje blei kremburger på dei. Ei av jentene tok faktisk på seg regnklær og gjekk frivillig ned på Bænneren (Shell-stasjonen) for å få tak i juksekrempåboks. Uten hell.






Så då blei det skillingsboller i stedet. Eg grov fram et stettafat eg fekk for nåken år siden. Ganske fint egentlig.




Ha ein fine Kremburgersøndag!


Bildene har jeg tatt sjøl eller lånt fra nrk.no




1 kommentar:

  1. Har prøvd i fleire dagar nå å legga inn ein kommentar te deg. Har ikkje funket...
    Det fatet du har "grove" fram har eg maken til, og det e KJEMPEFINT!!! Eg elske jo fat med stett...å det du har der e ein av favorittane....Står alltid framme sjå meg!
    Ha ein fin kveld!
    ps:takk for du stakk innom meg!
    -Ada-

    SvarSlett