fredag 30. oktober 2009

Halloween-tips.

Halloween var ein tragedie i fjor her i heimen. Eg sto på mitt og nekta å gi etter for "framandtradisjonen" og resultatet var at Pusegutten kåra meg til århundrets dårligaste mor. Då kvelden kom følte eg meg som ein muslim i tjukkaste adventstida og det hjalp ikkje at eg tilbaud han både brus og snop.

Så sist mandag morgen kom han og sa at på lørdag skulle han ha Halloween-party og EG skulle laga det! Ja ja tenkte eg og heiv meg rundt, skreiv invtasjonar og stappa i sekken før han gjekk på skolen.

Onsdag var eg på Nille og kjøpte masse plastikkgreier, i dag har me fått tak i et diger gresskar og i morgen skal eg henta et skjellett fra et Naturfagsrom.







Men så var det maten. Ka skal eg laga? Eg har leita på nettet men alle amerikanske oppskrifter er så spesielle og ikkje nåke fristande seier Pusegutten.

Er det nåken som har tips til kule, skumle og gode oppskrifter?

2 kommentarer:

  1. Halloween er ingen tradisjon hos oss, så her kan eg ikkje hjelpa deg. Lykke til og god helg.

    SvarSlett
  2. Litt seint nå, men vi har akkurat hatt fest for 9 og 12 åringer. Det ble serveret avrevne fingre (halve pølser) som kunne dyppes i blod (ketchup), snørr (sennep), gørr (guacomole) eller hjernemasse (potetmos). Alternativt kunne de surres inn i avreven hud (halve lomper). Til drikke var det punsj (Sprite + juice) med div fruktbiter eller blod (rød fanta). Dette var stor suksess! Seinere serverte vi tradisjonelle muffins og Halloween-snop fra Nille.

    SvarSlett