lørdag 10. oktober 2009

Little shop of horrorstøvler...

I dag tok eg med meg ein av jentene for å shoppe diverse til henne og for å prøve og sikkert kjøpe nye støvler til meg. Me kjøpte både det eine og det andre til henna og etter at eg hadde gitt henna 2 fiskekaker var me klar for å kjøpe støvler.





Me gjekk inn på Lille Vinkel Sko som ikkje heiter det i denna byen men Walkabout. Beklager villedningen i forrige innlegg.

I butikken var det ganske mange folk, dei fleste var fruer med dyre lakkvesker og større kontoar enn min men ka søren, her skulle det shoppes. Eg strena bort til støvlahylla og plukka ned et par Hunter og et par Le Chameau.

Dei franske hadde flott gummikvalitet. Eg prøvde dei på og det satt som støpt. Ja himmel og hav kor støpt dei satt! Eg prøvde å få dei av uten hell. Jentungen begynte å le men eg berre freste til henna. Eg prøvde og dra, å slite og å skubbe dei av med den andre foten men ikkje kul om dei rikka seg. Då fekk eg krampe i låret. Svarte katten kor vondt det var! Dei franske aristokratstøvlane hadde gitt meg krampe av alle ting. Ikkje rart forresten, eg hadde stappa beinet oppi str. 37.




Eg fekk dei nå av til slutt og tok på Hunter. Dei sat fint på men gummien var stiv og glatt og kanten på støvelen skar meg inn i knehasen. Drog dei av meg. Eg kjente eg var blitt sur og måtte ha hjelp.

Kikka rundt i butikken og prøvde å finne ekspeditørane. Til slutt lokaliserte eg ein av dei, hu såg ikkje veldig motivert ut. "Jobber du her?" spurte eg "Ja...?" var svaret. Eg vifta men ei fransk og ein skotsk støvel (Hunter er skotsk) uten å få respons. Eg hadde nå forventa at dama hadde ovrerøst meg med info og at all slags størrelser men nei. "Eg vil gjerne prøve desse støvlane i RETT størrelse" sa eg lettare irritert. Hu snudde og gjekk for å henta nåken i nr. 39.

Eg fekk dei og prøvde først Le Chameau. Dei satt som støpt... Dei saug seg faktisk inntil leggen min og blei ett med meg . Ein merkelig følelse. Tenk deg at du har ein kvelerslange rundt beinet så har du følelsen. Eg fekk dei av meg i ein fart, uten krampe denne gang.






Så var det Hunter. Dei var knall rosa og hadde ein fleece-sokk oppi. Eg tok sokken ut og støvlane på, dei var ikkje gode på. Stive og ekle. Eg tok sokken oppi støvelen og prøvde å ta beinet nedi; sokken krølla seg som ein klump nede i støvelen og eg kom ikkje oppi. Eg var nå ganske sur. Eg tok sokken utav og tok den på beinet og stappa sokk+bein oppi - det gjekk bra. God og varm. Eg tok beinet utav støvelen og sokken av, den svarte dongeribuksa mi var nå kvit av fleecestøv! Eg holdt på å spy!





Dama kom nå bort og spurte med ei preglaus stemma "Finner du ut av det?" Eg svarte "Nei, faktisk ikkje!" Eg tok med meg jentungen og gjekk. Uten stive skottestøvlar og franske sugestøvlar. "Du skal ikkje prøve di dærre sossekjerringstøvlene då" spurte jentungen. "Nei!" var svaret.

Heime var eg sur.

PS Hvis dama fra butikken les dette så hadde du sikkert hatt ein skikkelig drittdag med sure kvinnfolk med alt for tjukke legger...

4 kommentarer:

  1. Hihihi... jeg synes både Hunter og Ilse Jacobsen er supre støvler jeg da:) Håper du finner noe du liker til slutt:) Ha en fin helg. Heidi

    SvarSlett
  2. Haha - hysterisk artig!!! Skjønner godt at du ble sur... Men kanskje du skulle gått for sossen... *fnis* Lykke til i jakten!

    SvarSlett
  3. Hahaha, fantastisk beskrivelse - og hadde jeg vært med deg så hadde jeg ledd meg skakk - akkurat som di datter gjorde... ler ennå!

    Du har sendt bestilling i Kalimera - er du A.S. fra Bergen? Mangler ordrebekreftelsen din... kanskje du har oppgitt feil mailadresse på ordren din? Send meg en mail på helen@kalimera.no så finner vi ut av det.
    Ha en fin søndag og latterklem til deg.

    SvarSlett
  4. Hehe, fantastisk historie:)
    Eg fekk Ilse Jacobsen støvlar av mannen min til jul, og budde i dei til sommaren kom.
    Dei er fantastisk gode på foten.
    Ser at det er svææært mange som labbar rundt i dei støvlane, men skit au:)
    Du finner nok utav det skal du sjå:)
    Smil H

    SvarSlett