Viser innlegg med etiketten Sko. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sko. Vis alle innlegg

tirsdag 20. oktober 2009

Supre Superga!

Vett du at de går gjetord om støvlane mine i Blogglandia og sikkert store deler av byen eg bur i òg! Det er bare SÅ utrolig morsomt.







Eg var inne hos Hege på Berthas Oldebarn på fredag for å diskutere kor UTROLIG fantastiske støvlane er og kordan eg bør vedlikeholda dei. Då kunne søte Hege fortelja at den samme morgenen hadde det kommet ei dama eins ærend med bussen fra ein anna kant av byen berre for å få tak i et par Superga. Hu hadde lest om støvlane mine på bloggen og fant ut at dette var støvlane for henna. Kanskje har hu gått gjennom samme prosess som meg eller kanskje samlar hu på støvlar og mangla Superga i samlinga si. Kven veit...







Er ikkje dèt supert, så veit ikkje eg.

Hege var iallefall veldig fornøyd med dagen og det var eg òg.

fredag 16. oktober 2009

Endelig regn!

Ja eg veit at det er som å banne i kirka å be om meir regn her i byen men i går då eg vakna var det NESTEN regn ute. Tåka var så tjukk at då eg sykla til jobb så blei brillene mine våte og då mena eg heilt klart at det kan definerast som regn.

Vel, eg tok på meg mine nye, supre Superga og dei sat som et skudd!







I går kveld regna det skikkelig men då gadd eg ikkje gå ut...

mandag 12. oktober 2009

Little shop... del 2

Etter at eg kom heim fra den fatale turen til horrorstøvelbutikken var eg så sur at eg gjekk for å kjøpe nåken nye gardiner.

Etter at det var gjort gjekk eg innom Berthas Oldebarn for å kikke litt. DÅ såg eg dei! Flotte svarte støvlar! Eg fòr bort og greip tak i paret. Flott gummikvalitet (husk eg var blitt ekspert nå...) kult merke og fin utforming. Eg heiv av meg skoene og tok dei på. Og for ein følelse! Ikkje for stiv, ikkje for slapp, ikkje sjokkrosa og ikkje kvelerslange.








Mens eg sto der kom ei søte og smilande dama bort til meg og spurte om eg ville ha hjelp. Eg blei så glad at hu fekk heile horrostøvelhistorien servert. Eg la ut om krampe og preglause damer og sugestøvlar. Hu lo litt og sa at hu måtte innrømma at hu hadde Ilse sjøl og var veldig glad i dei men at dei var nå litt tunge kanskje.

Men kunne hu gi meg info om superdeiligepå-støvlane? Jo, litt kunne hu men hu måtte innrømma at hu hadde ikkje prøvd dei. Dei heiter Superga og var italienske. Det var ikkje nåken andre i byen (og kanskje landet òg) som importerte dei, så hvis eg valgte desse støvlane så kom eg til å bli UNIK. Hege fra Berthas hadde gått inne på butikken med dei ein heil dag uten å merka at hu hadde dei på, SÅ behagelige er dei. Det var egentlig nok for meg. Ei ærlige og smilande dama kan eg lika.








Vel, eg betalte med glede og sykla glad og fornøyd heim med ei ganske stor og uhamslig skoeske på styret.

Då eg kom inn døra blei det glede i heimen. Nå var mor glad igjen, he he! Støvlane måtte prøvast og visast fram til heile familien. Alle syntes dei var dødskule og jentungen på 16 syntes eg var skikkelig rå i bootsene!

Prøvde å Google dei, men fant ikkje ut så møkje.

Så nå sitter eg berre å venta på regnet. Trur du ikkje at det skal være knallfint vær heile veka! Typisk...

PS Takk søte Bertha-dame! <3

lørdag 10. oktober 2009

Little shop of horrorstøvler...

I dag tok eg med meg ein av jentene for å shoppe diverse til henne og for å prøve og sikkert kjøpe nye støvler til meg. Me kjøpte både det eine og det andre til henna og etter at eg hadde gitt henna 2 fiskekaker var me klar for å kjøpe støvler.





Me gjekk inn på Lille Vinkel Sko som ikkje heiter det i denna byen men Walkabout. Beklager villedningen i forrige innlegg.

I butikken var det ganske mange folk, dei fleste var fruer med dyre lakkvesker og større kontoar enn min men ka søren, her skulle det shoppes. Eg strena bort til støvlahylla og plukka ned et par Hunter og et par Le Chameau.

Dei franske hadde flott gummikvalitet. Eg prøvde dei på og det satt som støpt. Ja himmel og hav kor støpt dei satt! Eg prøvde å få dei av uten hell. Jentungen begynte å le men eg berre freste til henna. Eg prøvde og dra, å slite og å skubbe dei av med den andre foten men ikkje kul om dei rikka seg. Då fekk eg krampe i låret. Svarte katten kor vondt det var! Dei franske aristokratstøvlane hadde gitt meg krampe av alle ting. Ikkje rart forresten, eg hadde stappa beinet oppi str. 37.




Eg fekk dei nå av til slutt og tok på Hunter. Dei sat fint på men gummien var stiv og glatt og kanten på støvelen skar meg inn i knehasen. Drog dei av meg. Eg kjente eg var blitt sur og måtte ha hjelp.

Kikka rundt i butikken og prøvde å finne ekspeditørane. Til slutt lokaliserte eg ein av dei, hu såg ikkje veldig motivert ut. "Jobber du her?" spurte eg "Ja...?" var svaret. Eg vifta men ei fransk og ein skotsk støvel (Hunter er skotsk) uten å få respons. Eg hadde nå forventa at dama hadde ovrerøst meg med info og at all slags størrelser men nei. "Eg vil gjerne prøve desse støvlane i RETT størrelse" sa eg lettare irritert. Hu snudde og gjekk for å henta nåken i nr. 39.

Eg fekk dei og prøvde først Le Chameau. Dei satt som støpt... Dei saug seg faktisk inntil leggen min og blei ett med meg . Ein merkelig følelse. Tenk deg at du har ein kvelerslange rundt beinet så har du følelsen. Eg fekk dei av meg i ein fart, uten krampe denne gang.






Så var det Hunter. Dei var knall rosa og hadde ein fleece-sokk oppi. Eg tok sokken ut og støvlane på, dei var ikkje gode på. Stive og ekle. Eg tok sokken oppi støvelen og prøvde å ta beinet nedi; sokken krølla seg som ein klump nede i støvelen og eg kom ikkje oppi. Eg var nå ganske sur. Eg tok sokken utav og tok den på beinet og stappa sokk+bein oppi - det gjekk bra. God og varm. Eg tok beinet utav støvelen og sokken av, den svarte dongeribuksa mi var nå kvit av fleecestøv! Eg holdt på å spy!





Dama kom nå bort og spurte med ei preglaus stemma "Finner du ut av det?" Eg svarte "Nei, faktisk ikkje!" Eg tok med meg jentungen og gjekk. Uten stive skottestøvlar og franske sugestøvlar. "Du skal ikkje prøve di dærre sossekjerringstøvlene då" spurte jentungen. "Nei!" var svaret.

Heime var eg sur.

PS Hvis dama fra butikken les dette så hadde du sikkert hatt ein skikkelig drittdag med sure kvinnfolk med alt for tjukke legger...

Ilse vs. Hunter vs. Le Chameau

Her om dagen fekk eg litt penger av far min (forsinka bursdagspresang) og eg tenkte eg skulle kjøpe meg nye støvlar for dei eg har er det hull i. (stygge, grønne Viking)







Og då er frågan - ka i all verden skal eg velga? Halve byen har jo Ilse Jacobsen men nå er Hunter på god vei inn ser eg.







Eg svippa innom Lille Vinkel Sko for å sjekke ut Hunter, då eg oppdaga et anna støvlamerke, nemlig Le Chameau. Eg syntes vel egentlig at det var litt for møkje bondegårdspreg øve dei franske støvlane og gjekk på kafe lika forvirra.






På kafeen spurte eg jentene kan dei syntes om Ilse og Hunter, og fekk 3 forskjellige svar:

Jentunge 18 år: "Kor mange har Ilse på jobben? Er det flere enn 3 stykk velger du Hunter"

Jentunge 16 år: "Oh my god! E du blitt sånn wannabe sossekjerring? Ja, for husk sossekjerring blir du aldri, du tjener for dårlig! Kan eg få nye støvletter forresten? Eg har sett nåkken kule på DNA. Kan eg?"

Jentunge 15 år: "E de laget av dyr? Hvis ikkje velger du den billigste. Koffer får ikkje eg hund?"


Etter endt kafèbesøk var eg like forvirra.

I morgen er planen å prøve ut. Har du nåken sysnpunkt på ka eg bør velge?

PS På nettsiden til Lille Vinkel Sko står det at hvis eg vil være heilt kanonkul bør eg velge Le Chameau...

torsdag 12. mars 2009

Vinkel





Satt på nettet og leita etter informasjon om vinklar til et undervisningsopplegg. Både rette og spisse og stumpe vinklar. Googla - og fant både det eina og det andra då eg plutselig fekk auga på ein link som var møjke meir spennande enn dei andre.









Der sto det: Lille Vinkel Sko - Kjempeutvalg av motesko på nett - Kåret til beste.... Glemt var vinklane, for hvilken nettbutikk!











Dette er altså ein fantastiske nettbutikk for dei som elska sko.







Nå er 70% så hiv deg rundt og bestill!








I tillegg til netbutikken som starta i 1999 så har dei fire butikker i Oslo og ein i Bergen. Den i Bergen hette WalkAbout og ligger i Telegrafen.









Nå er problemet berre kordan eg skal forsvara fleire skokjøp uten at mannen min "klikker vinkel" som jentene seier...