torsdag 24. desember 2009

Redda Steffen, død eller levande!!!

Søndags kveld, då det var skikkelig møkje snø ute gjekk Pusegutten og eg ned til butikken for å kjøpe søndagsgodt. (me hadde glemt lørdagsgodt på lørdag)






Nede i gata såg me ein liten katt som gjekk etter ei dama. Plutselig kom ein drosje som nesten kjørte på katten.  Det blei veldig dramatisk og katten redda seg under ein bil med møjke strev på grunn av all snøen. Dama gjekk inn og me forsto at katten ikkje var hennas. Me gjekk bort og kikka under bilen. Katten sat der og skalv.

Me gjekk inn på butikken og der såg eg rett på et bilde av samme katten!  Det sto at denne katten hadde gått rundt ute i området ei vekes tid nå og hvis ein savna katten måtte ein ringe et telefornummer. Eg bestemte meg for at hvis katten fremdeles var der ute måtte eg gjera nåke. Det skulle tross alt bli 10 minus om natta.

Då me kom ut fra butikken med søndagsgodtet fant me katten på hjørna med Tannlegehuset. Den mjaua så sårt og på tross av allergi så løfta eg katten opp og tok han med meg heim.





Då eg kom inn døra sa min mann at eg ikkje fekk lov å ta inn kattar når eg var så allergisk som eg var men han forsto raskt at detta var ein nødsituasjon og då får det berre våga seg med allergi.

Katten starta å mala straks han kom inn i hus. Han mol som han var galen, så glad var han. Pusegutten gav han mat og drikke og fant leiker og ei pute han skulle ligge på.





Eg sette meg straks med med pc'en og tenkte at eg måtte ringe Dyrebeskyttelsen som sikkert kunne komme å hente katten, men der tok eg feil. Der var sto det at dei får ca. tusen telefonar om bortkomne kattar kvar veka og berre kunne prioritere gravide og morlause kattar... Sukk. Eg kjente det begynte  å klø i augene.

Eg var rådvill. Det er liksom ikkje så lett å finna ein heim til ein katt på ein halvtime. Eg måtte undersøke litt meir på sidene til Dyrebeskyttelsen. Det var mange gode råd om kordan ein skulle gå fram. Men dette hjalp ikkje meg nå. Eg fekk sjå inne på "Savna Kattar"  Og der!! Der var det ei annonse om katten Steffen som var savna fra ein plass like i nærheten, og den passa perfekt til beskrivelsen. Eg greip telefonen og ringte. I andre enden svarte ein mann som blei veldig glad. Dette måtte være hans Steffen som hadde vore borte i over ei veka! Han skulle hive seg i ein drosje og komme.

Me koste med Steffen ei stund til og så kom ein ung og veldig glad mann. Visst var det Steffen. Han stappa katten inn i et bur, takka og gjekk.





Pusegutten og eg var veldig glade for at me hadde redda Steffen. Så tok eg Zyrtec, Spersallerg og tenkte at det blir aldri katt på oss. Men til sommare blir det kanskje hund...

(det er veldig vanskelig å fotografere kattar, dei ser jo aldri der du vil at du skal sjå...)

4 kommentarer:

  1. Åhh, takk for at du deler denne herlige historien! Du skulle jo fått verdens beste klem av eieren! Å så flott at du reddet Steffen så allergisk som du er - heeeerlig!
    Alle mine 3 katter ligger for øyeblikket "limt fast på gulvet" foran peisen, og vil IKKE ut i kulden, hehe - de er jo skjønne og da.
    Ønsker deg og dine en deilig og fredfull julefeiring.
    Juleklemmer fra Helen

    SvarSlett
  2. Så flott at katten kom "heim" att.

    Eg vil ynskja deg og dine God Jul.

    SvarSlett
  3. Så fint at du fant fram til eieren.
    Ønsker deg og dine en riktig fin julehelg-
    Klem

    SvarSlett
  4. Eg blir så glad når eg leser om slike snille menneske som deg.
    Så flott at du fann eigaren til Steffen.
    God jul til deg og dine.
    H

    SvarSlett