tirsdag 1. desember 2009

Tilbake til kvardagen igjen

Lørdags kveld slo 2 grader celcius mot oss då me steig ut av flyet som tok oss heim fra ei fantastiske veka i Sharm el sheikh. Pusegutten, Løvetannmannnen og eg har virkelig kost oss. Dette var virkelig beste "syden" ever.






I og med at Sharm ligger heilt nede på spissen av Sinai-halvøya var det alt for langt til pyramider og sånn. Skal ein sjå det må ein ha 2 veker. Og me var vel enig i at strand, sol, sjø ikkje er å forakte heller.







Me bodde på Novotel Sharm el sheikh som ligger i Naama bay. Plassen og hotellet var topp. Rommet vårt var 200 meter fra stranda og temperaturen var behagelige 30 grader i skyggen og 25 grader i vannet.





Eine dagen var me med på Kamelsafari, for det hadde Pusegutten veldig lyst til. Eg som egentlig ikkje er nåke "sydenmenneske" tenkte at detta kom til å  bli den pinligaste opplevelsen så lang dette århundre, og det blei det.

Sjå føre deg følgande:

Du blir henta av ei SUPERBLID guide-blondine-jenta, stua sammen med masse nordmenn på ein buss, må høyra at den SUPERBLIDE jenta leser feil opp av et manus som er sykt dårlig skrevet, du rir på kamel i 30 minutt, går opp et "fjell" som eg heller vil kalla et grustak. Ser sola gå ned. Så drikke du beduin-te, eter beduin-mat og dansar beduin-dans rundt bålet. Og så tar du bussen heim.







Ikkje heilt i mi gata. Men eg fant jo fort ut at melder du deg på kamelsafari så får du jammen være med på leken òg! Så eg var overentusiastisk, ropte "Ali Baba-group!", preika med dei andre norske og måtte berre kosa meg veldig! (ka gjer ein ikkje for at Pusegutten skal bli glad...?)







Og alt blei faktisk filma! Så då me kom heim i elleve-tida lørdags kveld måtte jentene og mor mi sjå 1 time med Kamelsafari på DVD! O happy day! Superstar på filmen var MEG. Jentene holdt på å besvima og meinte at eg var meir harry ein eller anna deltakar på "Charterfeber"







Men så var det søndag. Og ikkje hvilken som helst søndag heller, men den 1. søndag i advent. Eg kan lova deg at eg ikkje orka tanken på å henta fram stake, lys og stjerner...

Pusegutten var skuffa over min manglande entusiasme for advent. Eg foreslo Kamel-DVD men han var like sur.

1 kommentar:

  1. Eit herlig avbrekk i kvardagen, tekjer eg...
    Håper du no har fått fram lys og stake... :-)
    Ha ein fin dag.

    SvarSlett