torsdag 26. februar 2009

STOFF & STIL

Då eg kom heim i dag låg det ein katalog i postkassen. Den hette STOFF & STIL og er visstnok fra ein nye butikk i Åsane. Framsida såg ut som den var henta fra ein interiørblogg og eg begynte å bla interessert i den.






Her var møkje spennande! Prikkete dukar, hekla kakestykker stripete tøykattar og bordskånerar i tova ull. Her må eg ut å handla, tenkte eg.






Skuffelsen var stor då det gjekk opp for meg at eg faktisk må sy, hekla og tova sjøl... Detta er antgelig ein fancy utgave av Husfliden som mor mi pleide gå på. Bakerst i katalogen er prisar på stoff, garn, heklenåler og glidelåsar.





Mannen min kom heim, bladde litt i katalogen og heiv den rett i papirkorga. "Eg får fnatt av sånn husflids-krattel! Nå vil eg ha vår!" Ja ja, han som klaga på at eg ikkje gidde å sy meir...








For dei der ute som gidde å sy så er dette butikken. http://www.stoffogstil.no/
Dei to siste bildene er henta fra nettsida deiras.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar