onsdag 17. juni 2009

På tur... i skogen.

Då eg var over i Tigerstaden fant eg ut at eg skulle gå meg ein tur. Vanligvis når eg går på tur så er det rett opp. Det er berre sånn det er her på Vestlandet.





Ein kollega, som har ei søster som bor på Nøtterøy, fortalte meg ein gong at i Oslotraktene går dei ikkje på tur på fjellet men dei går i Marka eller Skogen.


Eg kikka litt på kartet mitt og fant ut at eg kunne gå fra Gaustad til Sognsvann på ein skogsvei.
Og for ein fine opplevelse det blei.


Ikkje blei eg svett og varm, eg kunne gå i sko som passa til antrekket (veldig viktig...) eg slapp å ha håret i hestehale. (Hata hestehale for eg ser ut som Diana Ross på ein dårlig dag når eg tar strikket ut.) Dette var rett og slett vidunderlig!


Første stykket av veien gjekk gjennom ein nydelig skog.








Det klukka fra elva og fuglange song som gale. Det lukta varm og tørr skog.








Så gjekk me på ein grusvei opp til Sognsvann. Vannet og området rundt var svært idyllisk hvis du ser bort fra eimen av eingangsgrill som låg tjukk som tåka. Omtrent som på Ulriken ein morgen i oktober.





Så gjekk me tilbake til Hospitalet kor me åt ein deilig middag. Slapp å dusja først, kunne bruke samme sko uten å vaske dei i vaskemaskinen og ikkje minst - eg var like fin på håret.

mandag 15. juni 2009

I en sal på hospitalet...

...hvor de hvite senger står. Ja eg er tilbake igjen fra hospitalet og det var jaggu godt å komma seg der ifra. Blei heilt nedbrutt av å være omgitt av alle dei svært sjuke menneskene.


Men det har vore ein interessante veka. Eg har fått meg nåken tankevekkerar og det trur eg me alle har godt av i blandt.








Eg gløymer aldri kvinna på 30+ som sa i telefonen til ein venn at hvis ikkje denne medisinen virka så kjeme eg til å dø. Hu orka ikkje å leva slik som ho gjere nå, innlagt på isolat på et hospital.


Eller guten på ca. 16 som var inne for beinmargstransplantasjon. Det kunne vore ein av mine ungar...







Eg gjøymer heller ikkje varmen og omsorgen fra alle pleierane. For ein fantastiske jobb dei gjere. Dei var ekstremt blide og positive. Dei visste ikkje ka godt dei skulle gjera for meg.


Går du inn på et hospital er det litt som å havna i ei maurtua. Masse folk som springe rundt og sjøl så kava du på for å finna rette avdeling, klinikk eller seksjon. Du får ikkje sett nåke av sjølve hospitalet før du svett og glad detter ned i ein stol på et venterom og grabba et Se&Hør eller hvis du er heldig- et interiørblad.






Eg var nå så "heldig" at eg måtte gå fra den eine avdelingen til den andre både seint og tidlig pga nåken slangar i hånda mi som kom ut fra et apparat i nåke som kan betegnast som "verdens styggate håndveske". Denne bugunder-raude veska matcha overhode ingen av mine antrekk og eg skamma meg kvar gong eg gjekk ut av rommet mitt.






Uansett, søndag morgen gjekk eg gjennom hospitalet kl. 06.45. og det var ein utrolig spesiell opplevelse. Det var ikkje et menneske å sjå, eg var heilt aleina. Det var så stille der at det neste gjorde vondt. Og det var då eg såg det. Det var då eg egentlig såg kor fint Hospitalet er. Kunsten, plantene, lyktestolpane i glassgata og dei fine trebenkene.














Eg gjekk opp i 2. etg til rett avdeling og sto på broen og såg utover og det var fremdeles ikkje et menneske å sjå, ikkje ein lyd. Så - på slaget kl. 07.00 kom dei. Som små maur kom dei fram fra ingensteder. Plutselig myldra dei fram i sine kvite klær og mjuke sko. Eg måtte kjenna litt på dei oppstukkne armane mine. Ja, dei stikker dei også, nett som maurane...







22.juni skal eg tilbake igjen for å få fasitsvaret. Eg er spent men tar det rolig. Eg får sei som Kongen seier: "Jeg er frisk til det motsatte er bevist"

fredag 15. mai 2009

Taxisjåførar er ikkje som andre sjåførar...

Denne våren har vore spesiell for meg siden legane ved julatider "gjorde et funn". Nå har ikkje eg tenkt å greia ut om dette i det vide og breie men "funnet" har bragt meg over til Tigerstaden nåken gonger den siste tida.












Torsdag morgen satte eg meg inn i den forhåndsbestilte taxien til ein hyggelig og blid sjåfør. Me begynte å snakka om diverse og kom inn på ungar. Han hadde i likhet med meg ei datter som var russ i år, men så hadde han egentlig ikkje det alikevel, for dattera hadde dødd under svært tragiske omstendigheter for ei tid tilbake siden. Det var ein grusom historie å høyra, særlig kl. 06.30 om morgenen på vei til legar som kanskje kunne gjera enda fleire funn. Før me var framme hadde eg gitt både trøst og råd i håndtering av sorg og eg hadde jammen hatt meg ein runde innom PPT, helsestasjon, kyrkja og skulen.





Hospitalet var veldig pent. Nytt og fint, kult interiør og fine kunst. I ettertid tenkje eg at eg burde hatt med fotoapparatet men blogg var ikkje i tankane denne dagen...








Ca. tolv timar seinare steig eg nok eingong inn i ein taxi. Dene gongen til ein mann som var veldig opptatt av kø. Ikkje veit eg kordan me kom inn på temaet men plutselig hadde han fortalt meg at han nylig hadde fått diagnosen Asperger syndrom og var blitt skilt i samme slengen. Det er ganske uvanlig å få denne diagnosen i ein alder av 38 år og fyren var nå svært bekymra for kordan det skulle bli nå han nå skulle ut på "markedet" igjen. Eg prøvde å gi han nåken gode råd om kor han kunne få hjelp, trøsta og sa at det sikkert kom til å gå bra.









Då eg kom heim følte eg meg nåke nedtrykt. Møkje problemer på ein dag.






Tirsdag morgen, ny taxi... Lurte veldig på ka som venta meg denne gang. Eg satte meg inn og sjåføren, ein kjekke mann, snudde seg og sa. "Do lokter jææææævlig godt!" med trykk på æ-en. Jeg måtte jo le litt og spurte om det var før møkje kanskje? Neida det var det ikkje men han ville gjerne vite ka merke det var slik at han kunne kjøpe den samme til fruen. Ja, nå var jo han egentlig skilt då så det var kanskje ikkje aktuelt alikevel, og då var me igang igjen, he he.











X-antall kaffi og fillete Se & Hør seinare satte eg meg inn igjen og me var ikkje kommet lengre enn første rundkjøringa før han hadde fortalt meg kor sur han var på x-en fordi hu hadde tatt med seg ungen og flytta til Drammen. Og så Drammen du, han likte ikkje den byen!



Eg prøvde å foreslå at han kunne flytta til et sted i nærheten av Drammen, kanskje det kunne være nåke? Men nei. Det kom ikkje på tale. Situasjonen virka fastlåst og siden me ikkje hadde x-en med på denne taxituren var det vanskelig å finna ei løying på problemene som begge partar kunne akseptera.









Eg gav opp og prøvde å snakka om nåke anna. Me enda opp med ungar med brukne bein som grodde feil samen, kompliserte fødslar og kvinnfolk som ikkje vil jobba. Du hendelse...








Ka er det så med taxisjåførar? Har dei meir problemer enn andre yrkesgrupper eller er dei berre flinkare enn andre å fortelja om dei? Eller er det meg som utstrålar konfliktløysing og omsorg?

Uansett så er desse karane med på å gjera taxituren interessant, he he!
I mangel på bilder har eg plukka diverse taxilogoar fra Google.

torsdag 23. april 2009

Konfirmasjonsstressing

Hei alle der ut!
I dag er det nøyaktig 1000 stk som har vore på besøk hos meg! Det er jo heilt utrolig gøy!







Den siste tida har eg stressa på med konfirmasjonen til jente nr. 3. Det er kjekt men møkje arbeid. Glad det er 5 år til neste mann. Lørdag kl. 13 braker det laus med både sangar og talar. Skal berre ordna ca. ein million småting først. Lurer for eksempel på om bunaden min passar i år? Burde sikkert prøvd den på men har ikkje tid.




Det har vore lite blogging i det siste men eg kjeme sterk tilbake.













Kryss fingrane dine for oss på lørdag!

mandag 13. april 2009

...og der var påsken slutt.

Det e jo jysla vanskelig å ha hemmelig blogg når me har ferie og ungane henge rundt oss heile dagen. Derfor har eg ikkje klart å produsera et einaste innlegg med egg, gule lys, kvister og kyllingar.
Men nå e jentene oppe på "jomfruloftet" og Pusegutten e i seng så eg prøve å oppsummera påskeferien her.


Eg var utrolig sein med å få fram påskepynten i år. Skjærtorsdag grov eg fram både høns og gardiner og heiv dei opp i en fart.
Denne påskeharen med snurra øyrer ser lika sprø ut som ungane meina eg er.

Litt påskepynt son eg raska samen hos Nille, for 49,50

Då eg var på besøk hos mor mi traff me denna flotte væren. Pusegutten klappa han på horna og vett du, dei e VARME! Ein svært interessant oppdagelse. Eg visste ikkje at horn var varme men då e dei vel det på reisdyr, kyr og nashorn òg?

Det er alltid like traumatisk for meg å komma på besøk til heimbygda mi. Eg reiser ned så sjelden at dei har gjort store forandringar siden sist. Nå er det hyttebygginga som har slått til for fullt. Dei fleste plassane eg lekte på då eg var liten e nå vekk til fordel for hytter digre som hus. Ja ja sånn e det. Eg kan vel ikkje forlanga at dei skal la lekeplassane mine stå uberørt i tilfelle eg dukka opp. Eg fant nå vårens første hestahov i ein skrent som enda ikkje var fjerna av gravemaskinar og buldoserar.

Nå gleda eg meg til resten av våren med konfirmasjon, 60 års dag og tur til Stockholm.

onsdag 1. april 2009

Peiskos i heimen

Etter nyttår kom eg over ei annonsa i avisa der det sto at kommunen villle gi meg 5000 kr for den gamle kaminen vår. Kanon! tenkte eg og heiv meg rundt. Her var det førstmann til mølla som gjaldt og eg ville væra først. På null komma niks var eg nede i postkassen med søknaden.

På dette tidspunktet var eg allerede på nettet og søkte etter peis. Nå skulle det bli peiskos i heimen, du!







Mens eg venta på at søknaden skulle bli innvilga - for det måtte den jo - fant me ut at isbjørnskinn er jysla dyrt og vanskelig å få tak i og at kuskinna dei selger på LIVIVG e dritvonde å ligga naken på...






Jentene meinte forøvrig at å ligga naken på et skinn, forran peisen å drikka vin e sånn dei gjere på film men som ikkje egna seg for levande foreldrer. Særlig ikkje deiras foreldrer...

Så kom svaret, me fekk vrakpant! Det var berre å bli kvitt kaminen. Og ut fòr den før eg fekk tatt bilde. Så eg har nå lånt et bilde fra naboleiligheten som i desse dagar ligger ute for salg. Den er heilt identisk.






Nå er det sikkert nåken der ute som synes kaminen er fin eller som har ein lik men eg er altså veldig lei av den. Den tar for møkje plass, bruka et år på å bli varm og ikkje minst den forurenser som berre det.

Me demonterte "dyret" og bar den fra 3. etasje ned i kjelleren. Sjølve ovnen var ein rund jernkolbe. Utenpå den var det skiferplater som sikkert kan brukast te nåke.


Ryggen min og begge knea til mannen min røyk. Men ka gjere ein ikkje for å få litt peiskos... Då me kom ned merka me at me kunne tatt ut nåken steinar som låg inne i ovnen.


Så sto eg der og pusta ut og plutselig kom mannen min med badevekta! Nå skulle jernkolben vegast! Hallo? Vega ein ovn som skulle hivast? Den vog 57 kg. Så visset me det... Utrolig ka den mannen må dokumentera.





Ovnen blei kjørt til resirkulering, me fekk med oss et bevis på at me hadde levert den fra oss. Det skulle kommunen ha.

Nede på gjenbruksstasjonen fekk mannen min tårer i augene og klump i halsen. Det var jo så møkje flott materiale som kunne vore brukt til nåke. Eg minna han på mengder med gamle greier i kjellerbodene som venta på å bli brukt og han tok hintet.

Så var det å velga seg ein ny og fine peis. Me undersøkte på to lokale peisbutikkar og fant ut at 5000 kroner berre rakk til arbeidet med å få satt den nye peisen på plass!










Dei hadde jo billige ovnar men det var jo sånne som passa på ei hytta. Små, svarte Jøtulovnar f.eks. Eg hadde berre et krav og det var at eg skulle sjå flammane. Mannen min vurderte fordeler og ulemper med kleberstein, kakkelovn, pellets og ved.




Men me kom fram til at ein enkel og grei peisovn med reine linjer, ikkje for liten, ikkje for stor ville passa hos oss. Dermed enda me opp med ein Contura 500. Her er bilde av den men ikkje fra stova vår...








Nå er det berre å venta. Vinen er klar, men det med skinnet er eg usikker på...

søndag 29. mars 2009

Svigermor sine ting

Svigermor har altså ein fantastiske eiendom. Og et hus fult av ting. ENORME mengder av ting. Ingenting skal kastas for alt kan komma til nytte en dag. Eg blir jo litt oppgitt over kor fult det er over alt men innimellom dukka det jo opp nåken skattar.

Sist me var på besøk vaska og rydda eg og jentene et av romma som ikkje har vore i bruk på ei stund. Me fekk vekk store mengder med klær og klut, aviser og utklypp, tråd og tau osv.

Eg fant både antikviteter og andre nedstøva ting.


Dette "skrinet" eller kva ein skal kalla det er jo ganske fint. Trur det er forholdsvis gammalt.


Ein fotskammel kanskje? Lokket kan kan opnast slik at ein kan oppbevara ting nedi.

Eller kva med desse gamle treskrina? Dei er fulle med gamle brev fra slutten på 1800-tallet.