Eg hadde bestemt meg for at i år skulle me ta ein velfortjent miniferie i påsken. London, Paris, Barcelona eller kanskje Stockholm? Fine byar og muligheter for shopping. I like!
Men kor lenge var mor i paradis? Eg var ikkje kommet lenger enn til Palmehelga før problemene satte inn.
Eg skulle berre ein liten svipptur inn på nettet å sjekke kor møkje me fekk igjen på skatten. Eg trudde eg skulle besvime; 18 000,- i RESTSKATT! Storbyferien blei raskt avlyst. Jomfruene var knust og Pusegutten var dritsur.
Så ringte den eldste av Jomfruene og grein i telefonen. Huseigeren skulle selge huset og hu må ut til 1. mai. Eg huska brått kor festlig sommaren i fjor var med tusen visninger der eg vassa i hybelkaniner og kattehår. Vel, me har ikkje valg. Hu må ut.
Skjærtorsdag reiste me på besøk til mor mi. Då me kom inn døra kunne hu fortelja at Bestemor hadde fått hjerteinfarkt og var innlagt på sykehus. Hu er 93 år gammal så det kan jo gå begge veier.
Langfredag døde ein av fiskane i akvariet eg passer på denne påske. Og det er ikkje nåke sjanse for at han står opp igjen 3. dagen heller...
Ja ja det er berre å innsjå at dette var ikkje min påske. Håper du har hatt det fint.