søndag 27. september 2009

Egypt i november!

I september har det berre vore 3 dagar med oppholdsvær i Bergen... Eg berre nevner det.






Så nå e det klart. I november reiser mannen min, Pusegutten og eg til Egypt. Jentene får ikkje være med denne gang, dei skal på tur sjøl litt seinare.


Me reiser til Sharm-El Sheikh og skal bo på et fint hotell på stranda i Naama bay.



Eg lure på om nåken har tips til turen? Pusegutten vil sjå pyramider, kor gjere me det? Gode restauranttips? Gode handletips? (sko og vesker....?)

mandag 7. september 2009

E du gla' i meg?

Ein kveld etter at me hadde lagt oss sa eg "Du seie aldri at du e' glad i meg lenger!"











Mannen min sukka tungt og sa "Vel, det e' nå ikkje alltid lika lett å komma til ordet..."

søndag 6. september 2009

Award med noko attåt.

Fekk denna awarden hos hyggelige Helen i Kalimera Blog. Men det ligger nåken betingelser ved denne awarden . Nemmelig å skrive 10 ting om seg sjøl.








Ka skal eg så velga? Kule fakta? Vanlige, men passelig interessante ting? Utleverande og "farlige" ting?


I og med at det kan bli vanskelig å finna 10 furnuftige ting å skrive blir det nok ein god blanding.





  1. Eg blei sjekka opp av ein begravelsbyråagent då eg var 19 år og høygravid



  2. Eg elskar sjokolade.



  3. Eg har egentlig praktisk sans lik null.



  4. Eg er gal etter vesker og sko. Eg pleier å trykke dei nye skoene i et blomsterbed for at mannen min ikkje skal oppdage at dei er nye. Lurt triks. Det virka faktisk bra.



  5. Eg blei norgesmester i korsang 2 ganger og europamester 1 gang.



  6. Eg fekk 3 barn på 3,5 år. Pusegutten kom 6 år etter.



  7. Eg er veldig aktiv og ernergisk. Nåken av kollegaene mine meinar eg har ADHD.



  8. Eg sender ca 1000 sms i måneden.



  9. Eg snakka VELDIG mye.



  10. Eg elskar å reise. Skulle gjerne hatt mye meir penger å bruke til det.



OK folkens, det var litt om meg. Sender awarden videre til alle som enda ikkje har fått den.


fredag 4. september 2009

Monsterbursdag

Mandag hadde eg bursdag igjen. Løye kor fort åra går. Vel, me hadde bestemt oss for ei lita feiring på søndag siden ingen har tid til nåke på ein mandag.







Eldste dattera vår skulle komme ned om ettermiddagen på middag, kaffi og kaker. Mannen min hadde shoppa med ungane dagen før og Pusegutten hadde i all sin høylydte hemmelighet laga kort til meg på rommet sitt.








I 15-tida satte eg kalkuna (nei, ikkje ei heile ei...) i ovnen og gjorde klart poteter og tilbehør. Eg hadde ikkje før fått fuglen inn så kjeme ei av jentene ned og seier "Mamma, eg tisser blod og eg har ikkje mensen" Hu gjekk krokete av smerter så det var berre å hive seg i bilen og kjøre på legevakten.







På legevakten var det som vanlig stinn brakke men me tok det med godt humør. Me flirte og lo av alle dei merkelige folka som kom og gjekk. Ein eldre kar gjekk rundt og spurte folk kor lenge dei hadde venta og dei fleste hadde nå vore der nåken timar. Han var overbevist om at me kom til å sitte der til jul. Minst. Han lo og fortalte vitsar om helsevesenet i Norge og me andre lo med han. Vittig type.







Kl. 18 kom me innefor. Her me satt og venta til kl 19. Nå sat me i et lite rom aleina så me hadde berre kvarandre å le av.



Så kom legen. Han var rask som berre det. Og hadde ein veldig rar dialekt som me kunne le møkje av etterpå. Både eg og jentungen elska kule og rare dialektar. Eg har jo den raraste seie hu så eg må tole møkje etteraping.



Apoteket neste. Me parkerte i parkeringshuset og jentungen som nå hadde feber blei sittande i bilen. Eg fôr inn for å henta medisin, det tok sin tid.



Heime var fuglen nå steikt og spist. Me var dødssulten.




Rett rundt kl 21 kom eg, trøtt som ein sokk, opp i bilen heiv meg inn og vrei om nøkkelen. Ingenting. Hm, tenkte eg. Det var rart at ikkje den vanlige brummelyden kom. Vrei om ein gong til. Nada. Det var då eg kjente at det brandt i rumpa mi! Jentungen, med feber hadde hatt varmeapparatet og setevarmerane på og batteriet var dødt! Dau som ei sild! Eg hadde berre lyst til å legga meg ned og daue eg òg.






Vel, eg ringte NAF Veihjelp som var like rundt hjørnet og skulle komme raskt som berre det. Men tida gjekk og me blei meir og meir trøtt og sulten.

Kl fem over elleve kom dei. Dei gav bilen støt med startkablene og det var det. Effektivt og greitt.




Me tutla oss heim.




Heime glefste me i oss litt kalkun og eg fekk presanger.





Mandag morgen; ingen huska at mor har bursdag, eg var lika glad...

tirsdag 1. september 2009

Leoparden Carlos

Sommaren er heldigvis slutt. Det har vore ein slitsomme sommar med møkje styr og lite ferie.




Som dåke vett e bloggen min hemmelig så derfor er det vanskelig å blogga i ferier men nå er eg altså tilbake. (ja problemet nå er at jobben tar så jyslig med tid...)


Anyway, då eg sette meg i ro og mak ned med pc'en på jobb såg eg til min store overraskelse at eg hadde fått ein ny følgar siden sist! Og det var intet mindre enn ein leopard som hette Carlos! Eg blei jo veldig forundra for dei 8 andre følgerane mine er damer i ymse aldersgrupper som lika puter, kvitmalte stolar og ripsbærsbuskar.







Eg klikka meg innpå leoparden og fant ut at han hadde 3 bloggar, ein om fortball, ein om flagg og penger og ein om ender og andre eksotiske fuglar. Gjett om eg blei forundra. Det var ikkje ei puta å sjå, ikkje ein polkadott og heller ikkje oppskrifter på sjokoladefondant.





Eg har ikkje brukt møkje tid på leoparden Carlos men eg er nåke forundra øve at han er der fremdeleles. Eg tenkte han kom til å forsvinna fort, men nei.

Så nå lure eg på - kim er han, kor kom han fra og ka vil han? Ikkje e eg så stive i sånn utenlandsk heller...





Er han interresert i ungar som flyttar på hybel? Ka med taxisjåførar og tur i skogen? Forstår han språket? Kan han lesa sunhordlandsk?
Eg fant ingen spor etter meg sjøl på dei 3 bloggane te leoparden. Kanskje han e ein lurebloggar? E bloggardyr pålitelige? Leopaardar kan både klora og bita...

Dette og meir lurer eg på. E det nåken der ute som kan gi meg svar?