fredag 4. september 2009

Monsterbursdag

Mandag hadde eg bursdag igjen. Løye kor fort åra går. Vel, me hadde bestemt oss for ei lita feiring på søndag siden ingen har tid til nåke på ein mandag.







Eldste dattera vår skulle komme ned om ettermiddagen på middag, kaffi og kaker. Mannen min hadde shoppa med ungane dagen før og Pusegutten hadde i all sin høylydte hemmelighet laga kort til meg på rommet sitt.








I 15-tida satte eg kalkuna (nei, ikkje ei heile ei...) i ovnen og gjorde klart poteter og tilbehør. Eg hadde ikkje før fått fuglen inn så kjeme ei av jentene ned og seier "Mamma, eg tisser blod og eg har ikkje mensen" Hu gjekk krokete av smerter så det var berre å hive seg i bilen og kjøre på legevakten.







På legevakten var det som vanlig stinn brakke men me tok det med godt humør. Me flirte og lo av alle dei merkelige folka som kom og gjekk. Ein eldre kar gjekk rundt og spurte folk kor lenge dei hadde venta og dei fleste hadde nå vore der nåken timar. Han var overbevist om at me kom til å sitte der til jul. Minst. Han lo og fortalte vitsar om helsevesenet i Norge og me andre lo med han. Vittig type.







Kl. 18 kom me innefor. Her me satt og venta til kl 19. Nå sat me i et lite rom aleina så me hadde berre kvarandre å le av.



Så kom legen. Han var rask som berre det. Og hadde ein veldig rar dialekt som me kunne le møkje av etterpå. Både eg og jentungen elska kule og rare dialektar. Eg har jo den raraste seie hu så eg må tole møkje etteraping.



Apoteket neste. Me parkerte i parkeringshuset og jentungen som nå hadde feber blei sittande i bilen. Eg fôr inn for å henta medisin, det tok sin tid.



Heime var fuglen nå steikt og spist. Me var dødssulten.




Rett rundt kl 21 kom eg, trøtt som ein sokk, opp i bilen heiv meg inn og vrei om nøkkelen. Ingenting. Hm, tenkte eg. Det var rart at ikkje den vanlige brummelyden kom. Vrei om ein gong til. Nada. Det var då eg kjente at det brandt i rumpa mi! Jentungen, med feber hadde hatt varmeapparatet og setevarmerane på og batteriet var dødt! Dau som ei sild! Eg hadde berre lyst til å legga meg ned og daue eg òg.






Vel, eg ringte NAF Veihjelp som var like rundt hjørnet og skulle komme raskt som berre det. Men tida gjekk og me blei meir og meir trøtt og sulten.

Kl fem over elleve kom dei. Dei gav bilen støt med startkablene og det var det. Effektivt og greitt.




Me tutla oss heim.




Heime glefste me i oss litt kalkun og eg fekk presanger.





Mandag morgen; ingen huska at mor har bursdag, eg var lika glad...

1 kommentar:

  1. Ojsann, gikk ikke helt etter planen nei - sorry, men ler så tårene sprute. Følte meg som ei flua på veggen...
    Gratulerer med vell overstått.
    Klem

    SvarSlett