tirsdag 10. november 2009

Eg skal få meg... HUND!?!

Den siste tida har det blitt lite blogg. Familien min har nemlig bestemt at EG skal få meg hund. Ja det vil sei, at DEI har lyst på hund og eg vett at det blir MITT ansvar.

Eg har aldri vore nåke hundemenneske. Eg elskar kattar men er veldig allergisk. Hundar derimot, nei.

Mannen min vaks opp med hundar men har aldri hatt hund i byen og meinar egentlig at det ikkje er passande heller. Men nå ser det jaggu ut for at han har endra synspunkt og har slått seg samen med hundealliansen...




Hundeskål fra hapoo.no



Det er klart at å vokse opp med dyr kan være veldig fint men samtidig er ungane våre på god vei ut av redet så eg kan ikkje rekna med å få nåke hjelp av dei. Vel, Pusegutten på snart 10 skal jo bu hima hos mama til han er 40...

På jobben har eg blitt kraftig mobba dei siste dagane. Eg har jo alltid sagt at eg ikkje skal ha dyr og nå sitter eg altså der å diskuterer ulike rasar.

Eg sitter derfor på nettet kvar einaste kveld og leita etter informasjon om valpekurs, dressering, fòr røyting og parring. Eg har også fått utvida ordforrådet mitt; nå veit eg ka det vil seie å få los.

Hundeseng fra IKEA. (Du hendelse!)


Det hadde sikkert vore koselig med ein liten fine valp men eg er i tvil. Veldig i tvil...

2 kommentarer:

  1. Oj! Oj! Hund! - lykke til, det går heilt sikkert bra. Bare ikje kjøp ein så stor hund at du blir hengende på slep etter den når du er ute og lufter den, hehe.
    Selv er jeg katteelsker med 3 stk. hengende rundt meg, men de er selvstendige vet du. (slipper å gå tur med dem) selv om det er prøvd det og! Hihihi.
    Ha ein herlige dag.
    Klem fra Helen

    SvarSlett
  2. Eg er som deg, eit kattemenneske, og har to stk. Ein stor og ein liten.
    mannen i huset hadde lyst på hund, men eg var litt skeptisk.
    Me var så heldige å få vere fosterforelfre for ein border collie fram til sommaren.
    Det er jo greit å prøve før ein bitt seg heilt:)
    Kjekt er det også, og me må på tur 3 ganger til dagen...
    Lukke til.

    SvarSlett