torsdag 23. april 2009
Konfirmasjonsstressing
I dag er det nøyaktig 1000 stk som har vore på besøk hos meg! Det er jo heilt utrolig gøy!
Den siste tida har eg stressa på med konfirmasjonen til jente nr. 3. Det er kjekt men møkje arbeid. Glad det er 5 år til neste mann. Lørdag kl. 13 braker det laus med både sangar og talar. Skal berre ordna ca. ein million småting først. Lurer for eksempel på om bunaden min passar i år? Burde sikkert prøvd den på men har ikkje tid.
Det har vore lite blogging i det siste men eg kjeme sterk tilbake.
Kryss fingrane dine for oss på lørdag!
mandag 13. april 2009
...og der var påsken slutt.
Litt påskepynt son eg raska samen hos Nille, for 49,50
Då eg var på besøk hos mor mi traff me denna flotte væren. Pusegutten klappa han på horna og vett du, dei e VARME! Ein svært interessant oppdagelse. Eg visste ikkje at horn var varme men då e dei vel det på reisdyr, kyr og nashorn òg?
Det er alltid like traumatisk for meg å komma på besøk til heimbygda mi. Eg reiser ned så sjelden at dei har gjort store forandringar siden sist. Nå er det hyttebygginga som har slått til for fullt. Dei fleste plassane eg lekte på då eg var liten e nå vekk til fordel for hytter digre som hus. Ja ja sånn e det. Eg kan vel ikkje forlanga at dei skal la lekeplassane mine stå uberørt i tilfelle eg dukka opp. Eg fant nå vårens første hestahov i ein skrent som enda ikkje var fjerna av gravemaskinar og buldoserar.
Nå gleda eg meg til resten av våren med konfirmasjon, 60 års dag og tur til Stockholm.
onsdag 1. april 2009
Peiskos i heimen
På dette tidspunktet var eg allerede på nettet og søkte etter peis. Nå skulle det bli peiskos i heimen, du!

Mens eg venta på at søknaden skulle bli innvilga - for det måtte den jo - fant me ut at isbjørnskinn er jysla dyrt og vanskelig å få tak i og at kuskinna dei selger på LIVIVG e dritvonde å ligga naken på...

Jentene meinte forøvrig at å ligga naken på et skinn, forran peisen å drikka vin e sånn dei gjere på film men som ikkje egna seg for levande foreldrer. Særlig ikkje deiras foreldrer...
Så kom svaret, me fekk vrakpant! Det var berre å bli kvitt kaminen. Og ut fòr den før eg fekk tatt bilde. Så eg har nå lånt et bilde fra naboleiligheten som i desse dagar ligger ute for salg. Den er heilt identisk.

Nå er det sikkert nåken der ute som synes kaminen er fin eller som har ein lik men eg er altså veldig lei av den. Den tar for møkje plass, bruka et år på å bli varm og ikkje minst den forurenser som berre det.
Me demonterte "dyret" og bar den fra 3. etasje ned i kjelleren. Sjølve ovnen var ein rund jernkolbe. Utenpå den var det skiferplater som sikkert kan brukast te nåke.
Ryggen min og begge knea til mannen min røyk. Men ka gjere ein ikkje for å få litt peiskos... Då me kom ned merka me at me kunne tatt ut nåken steinar som låg inne i ovnen.
Så sto eg der og pusta ut og plutselig kom mannen min med badevekta! Nå skulle jernkolben vegast! Hallo? Vega ein ovn som skulle hivast? Den vog 57 kg. Så visset me det... Utrolig ka den mannen må dokumentera.
Ovnen blei kjørt til resirkulering, me fekk med oss et bevis på at me hadde levert den fra oss. Det skulle kommunen ha.
Nede på gjenbruksstasjonen fekk mannen min tårer i augene og klump i halsen. Det var jo så møkje flott materiale som kunne vore brukt til nåke. Eg minna han på mengder med gamle greier i kjellerbodene som venta på å bli brukt og han tok hintet.
Så var det å velga seg ein ny og fine peis. Me undersøkte på to lokale peisbutikkar og fant ut at 5000 kroner berre rakk til arbeidet med å få satt den nye peisen på plass!

Dei hadde jo billige ovnar men det var jo sånne som passa på ei hytta. Små, svarte Jøtulovnar f.eks. Eg hadde berre et krav og det var at eg skulle sjå flammane. Mannen min vurderte fordeler og ulemper med kleberstein, kakkelovn, pellets og ved.

Men me kom fram til at ein enkel og grei peisovn med reine linjer, ikkje for liten, ikkje for stor ville passa hos oss. Dermed enda me opp med ein Contura 500. Her er bilde av den men ikkje fra stova vår...

Nå er det berre å venta. Vinen er klar, men det med skinnet er eg usikker på...