torsdag 21. januar 2010

Drama!!

Eg fekk ny sjef for 3 år siden. På den første medarbeidersamtalen sa hu "Du er jo veldig dramatisk..."

"Å?" tenkte eg. Dette var nytt for meg. Eg var svært forundra og gjekk heim til mannen min og fortalt det til han.





Han snudde seg, såg på meg og sa "Ja...? Fortell meg nåke eg ikkje vett"

Resten av dagen var eg heilt forvirra. Her hadde eg rukket å bli 36 år uten at eg visste at eg var dramatisk. Og det værste av alt var at alle andre visste det!!






Her ser du forresten favorittfrukta mi: BLODAPPELSIN!

søndag 17. januar 2010

Blogg eller Facebook?

Eg har alltid vore motstandar av Facebook. Har aldri forstått poenget med å ha 352 "venner" når dei fleste av oss berre har et titalls.





For nåken år siden fekk søstera mi Facebook og sendte meg ein venneforespørsel. Eg oppretta ein profil for å få slutt på maset og det var det. Det hendte at eg fekk mail om at ein eller kjenning fra fordums tid ville være venner med meg men eg gjorde ikkje nåke med det.

Så like før jul slo virkeligheten ned i pc'en min som ei bomba. Me fekk vita at nåken hadde laga ei hat-sida på Facebook om ein kollega av meg. Eg var sjokkert.





Eg gjekk rett heim og opna profilen på Facebook og la umiddelbart inn ein venneforespørsel til alle 3 jentene. Eg brukte et par dagar på å overtale dei til å ha meg som venn på Facebook. Litt lokking, luring og ein god posjon truslar om å stenge nettet på Jomfruloftet var ganske effektivt.





Nissar, lys og englar i alskens former på bloggen måtte nå vika for FB






Eg la nå til alle som ville være venner med meg og gjekk på profilane for å sjekke ut. Det var ein heller selsom opplevelse. Alle mine venner fra barndommen var blitt gamle, feite og hadde problemer med både førdøyelsen og anna. Eg gjekk og såg meg i speilet og kunne konstatera at det var mange år og mange kilo siden eg var "Sweet sixteen".  Eg fjerna alle gamle venner.

Siden det har det berre balla på seg. Eg har nå 29 gode venner på Face som eg har lyst til å ha kontakt med og det blir stadig fleire.

Problemet er berre at Facebook tar tid og eg hadde lite tid til bloggen i utgangspunktet. Så då er spørsmålet kor møkje tid er de forsvarlig på bruka på dataen? Løvetannmannen begynna etterkvart å klaga. Her forleden kom eg dragande med både Emmeline, Solsikken, NIB-damene og X-antall kollegaer opp i senga. Eg fekk grei beskjed om at han var overhodet ikkje interessert i GreenGate, Riviera Maison, lys, blomar, talerkenar eller koppar når han gjekk til sengs...




Bildet er lånt fra nettbutikken til Riviera Maison



Til alle mødre og eventueller fedre der ute: Vær venner med poden på Facebook. Det er utrolig viktig at me voksne følger med på ungane sine aktiviteter enten det er fotball, friidrett eller Face.

fredag 8. januar 2010

Bye bye jul!

Normalt sett ville eg ha kasta ut jula på søndag slik at den var borte til eg begynte på jobb igjen men på grunn av all snøen så fekk eg det ikkje til. Det er jo liksom så julastemning ute og julatreet var berre perfekt i år.




Uansett i går fekk eg plutselig nok. Det var berre så inni granskauen feil med alle dei nissane og englane som smilte imot meg då eg kom heim for å raska i samen nåken fiskakaker før alle fòr avgårde til kva dei nå skulle...




Det einaste som står igjen er amaryllisen. Den skal få lov til å stå.

mandag 4. januar 2010

Godt nyttår,alle sammen!

Det var det. Nok et år er over og takk for det. Eg har overlevd sure ungar, stress på jobben, et heftig julabord og ikkje minst ein svulst i venstre bryst. Lika greitt å begynna på nytt.







Men 2009 hadde jo ein del positive hendelser òg. Me fekk ny peis, takvinduer på Jomfruloftet, jentene fekk egne rom då eldste jenta vår flytta ut, eg fekk nye og kjekke kollegaer på jobb og eg begynte å blogga.

Ka vil så 2010 bringa? For min del så håpa eg på et rolig og avslappa år. Ingen konfirmasjonar, ingen runde dagar og forhåpentligvis ingen begravelsar. Slekta begynnar å dra på åra nå så det er ikkje utenkelig at nåken av dei kjeme til å forlate oss i år.






Pusegutten har jo planlagt at me skal få oss hund i år, men eg veit ikkje. Kan bli kjekt men kan bli stress òg.

På interiørfronten har det skjedd ting i heimen. Løvetannmannen har skifta stil! Eg skal laga nåken innlegg om det berre eg kjeme meg på jobb igjen og får pause fra matlaging og snømåking.

Peisen og takvinduene skal selvfølgelig dokumenterast òg.









Vel damer, eg har ikkje vore så flinke å besøka dåke i det sista men det skal det bli forandring på i år. Einaste nyttårsforsettet eg har...







Smil fra din venn Løvetann