tirsdag 15. juni 2010

Oppdateringsinnlegg

Heisann alle bloggvenner der ute! Etter siste innlegg der eg nettopp hadde fått ny jobb har det gått slag i slag. Ein liten oppdatering følger her.





Jomfrua fekk fortsette å bu i huset. Husleiga har steget med 900 kr men enn så lenge blir hu der. Ventar på at nåke bedre skal dukke opp og det gjer det nok.





Ferien er i boks. Eg lurte veldig på om eg skulle gi etter for mannen min sitt ønske om å reise med Hurtigruten, med 3 Jomfruer og 1 Pusegutt på slep, men han gav seg ikkje. For ein gong skuld fekk han styre på aleine og det resulterte i 2 lugarer til ungane og ein suite til oss (!!) Du vil ikkje vite ka det koster... Godt eg har fått ny jobb. Vel, det skal bli interessant å sjå om skuta klara å komme seg til Kirkenes uten varige mèn. Mannen min meina me kanskje kan få gifta jomfruene vekk til nåken rike amerikanske turistar.




Vel, for ei som aldri har vore lenger nord enn Molde skal det bli spennande å oppleve landet vårt. Gler meg til å sjå midnattssola. Jomfruene er faktisk veldig positive til ferien òg.




Dei som var innom meg i vinter husker kanskje at me hadde bestemt oss for å få hund. Eg har brukt utrolig mye tid på dette prosjektet. Me ville jo ha ein Beagle men det viser seg å være heilt umulig. Dei som driv med alv av Beagle vil ikkje selge valpar til folk som ikkje driv med jakt. Eg vil ikkje har ein hund som e ein drapsmaskin av et dyr så eg har sett meg om etter andre rasar. Men det er ikkje lett. Me blir rett og slett ikkje enige. Eg trur eg må komme tilbake med et utvida hunde-innlegg for det har vore gjenstand for høglytt diskusjon i heimen.




Til slutt må eg sei litt om malen min. Eg var så glad her i vår for eg hadde fått meg ny og fin vår-mal med løvetann på. Men himmel kor raskt eg havna i ei svære identitetskrisa. Kvar gong eg var inne på bloggen følte eg meg som ein annan så eg måtte berre kapitulera og gå tilbake til den gamle, gode 70-tallsblomtretapeten. Ikkje mange andre som bruka denne malen men eg lika den godt. Problemet med den nye malen var at bildene mine flaut rundt på skjermen. Forstå det den som kan...




Her er et lite utvalg av blomster i hagen. Før planta eg masse om våren og så var det dødt til Jonsok. I år har eg lagt meg i selen for at dei skal overleve litt lenger. Det går ikkje så aller værst.




Ha ei fine veka i det fine været