torsdag 25. mars 2010

Tankar kring ei gravferd

Gravferd... Eg synes det e et finar ord enn begravelse. Nå e livet slutt, og ein tar fatt på den siste ferda.




Eg har ikkje gått i så mange gravferder. Ei handfull gamle slektingar, ein gammal kollega og ei lita fin jente på 8 år. Lille Elisabeth gjekk i klasse med ei av jentene våre. Ho hadde store funksjonshemminger og hadde et strevsomt liv men for ei solsråla ho var. Eg er veldig glad for at jenta mi fekk læra henna å kjenna.

Ein dag etter ein enkel operasjon ville ikkje det vesle hjerte hennes meir. Ho sovna inn og vakna aldri meir opp til mamma, pappa og dei to flotte søstrene sine. Eg gløymer aldri synet av den vesle kista.

I dag skal eg følge ein gammal nabo til grava. Han har alltid vært så positiv og stått på og det er trist at han er borte.

For to år siden opplevde han at begge barna hans døde med 4 måneders mellomrom. Dei hadde vært sjuke svært lenge begge to og døden kom som ein lettelse. Det må være veldig vondt å overleve sine eigne barn.


Eit langt liv er slutt, ferda di går vidare. Takk for praten kjære nabo.






tirsdag 23. mars 2010

Settekasse søkes

Eg har så utrulig lyst på ein settekasse. Ein sånn gammal og litt slitt. Eg vett ikkje heilt kor eg skal ha den men eg vil ha ein.
Nei ikkje ein sånn som dette. Den får du tak i hos cchobby.no


På 80-tallet hadde alle settekassar med små nedstøva glassgrisar, kinderegg-figurar, tørka roser, glatte steinar og andre festlige småting. Men ikkje eg. Det blei liksom ikkje til at eg kjøpte nåke settekasse og nå merka eg at eg berre MÅ ha ein.

Når damer på 38 år plutselig MÅ ha ting e detta i følge Jomfruene på loftet tegn på midtlivskrise. Ja, ja nå e det sånn at det meste eg gjør for tida tegn på midtlivskrise. Trur dei har lært seg et nytt ord...




Midtlivskrise eller ikkje, eg vil ha ein settekasse. Og då e spørsmålet til deg; kor får eg tak i ein? I Bergen fortrinnsvis.



onsdag 17. mars 2010

Blomster i stova

Måtte bare ha litt vårfølelse inn i stova så eg kjøpte med meg desse blomstene på vei heim.




Eg har lært på  Foreldremanualen at dei beste bildene tar du i dagslys men det er jo umulig for meg. Eg kjeme heim nå det har blitt mørk og derfor e bildene av dårlig kvalitet. Hvis du vil ha fleire fototips så finner du dei på samme sida.





Lysestaken i tinn fekk mannen min av nåken elevar ein gong. Ganske fin.



mandag 15. mars 2010

Jomfruene har fått luft og lys

Like før jul blei det bestemt at me skulle få satt opp takvinduer på Jomfruloftet. Du kan sjå kordan det såg ut før HER

Eg hadde et lite håp om at me skulle få satt dei inn før jul og fordi dei hadde vinduene på lager så var dei oppe før eg hadde fått sagt pinnakjøt og kålrabistappa.




Eg var ikkje heilt fornøyd med resultatet. Eg ville det skulle være symetrisk. På grunn av bjelkelaget og nåke greier bak skråtaket så måtte det berre bli sånn. Men nå når eg har fått sett litt meir på det så ser eg at det er heilt OK. Det eine vinduet er nå rett over sofaen til jomfruene så då kan dei ligga å sjå på stjernene mens dei er på Facebook.





Me skulle ha et damemenneske til å sparkle og male men hu kunne ikkje så tett opp mot jul (lille julaften) Derfor måtte jomfruene vente til over nyttår.

Nå er hu imidlertid ferdig og me e godt fornøyd med resultatet.

onsdag 10. mars 2010

Award



Eg fekk denna fine awarden fra Fiolkransen. Takk for den.

Denne gangen skal eg sende den videre til 12 flotte bloggedamer/jenter.

Her er Oppskrifta:

The sunshine Blog Award is awarded to bloggers whose positivety and creativity inspire other in the blogworld. The rules for accepting the award are:




1. Put the logo on your blog or within your post,



2. Pass the award to 12 bloggers.



3. Link the nominees within your post.



4. Let them know they recieved this award by commenting their blog.



5. Share the love and link to the person from whom you recieved this award.


Eg sender den videre til:





søndag 7. mars 2010

Vinterglede

Eg var veldig lei av snøen her for ei tid tilbake men denne vinterferieveka har eg for første gang i historien følt meg som ein ekta nordmann.




Seks dagar på rad har eg vore på skitur og det var fantastisk kjekt.




Pusegutten. mannen min og eg har "snørt vår sekk og spent våre ski" og dratt ut for å kjenna vinden i håret, høyra det knitra under skia og kjenna smaken av puddersnø i munnen når eg låg der på håve i ei snøfonn.



Eg vaks opp i Sunhordland og der er det normalt lite snø. Far min var utlending og mor mi fabrikkeigardotter. Utlendingen gjekk ikkje på ski men gjerne på pub (lite pubar i Sunhordland) og fabrikkeigardottera var som resten av slekta opptatt av å skaffa penger. Kapitalistar går ikkje på ski... (jo nåken av dei e så rike at dei sikkert har tid til å gå på ski) Uansett eg har ikkje gått møkje på ski i oppveksten.




Men i år var det altså virkelig gode muligheter å forsøka seg i langrenssporet. Bergen har jo snøa fullstendig inne i år.



Me har kost oss i knallfine løyper, finare enn i Vancouver faktisk.  Sol og snø, kaffi og sjokolade. Eg kjenner at dette kan eg lika...




mandag 1. mars 2010

And the winner is...

I kveld har eg hatt trekking av 1 års jubileumet mitt. Eg skreiv navn på lappar og trakk i smug mens mann og barn var opptatt med kviling på sofa, playstation og Facebook.




Vinnaren blei... Lena i Hvit Linje! Gratulerer! Du er snart eigar av et knallfint Green Gate forkle. Kjem i posten ein vakker dag i neste veka cirka.





Lena har ein veldig koselig blogg. Hu skriver om alt mulig. Ta ein titt innom henna HER 

Sånn gavetrekning var utrolig gøy! Det skal eg jaggu gjera igjen snart.




Til alle dåke som ikkje vant; bedre lykke neste gang.

Smil fra Løvetann