mandag 16. november 2009

Ein hund som kler meg...

Skal eg ha hund skal eg jaggu ha ein som matcher. "Matcher ka då?" spør dei på jobben. Matcher meg og matcher leiligheten, selvfølgelig!

Hvis den skal kle meg må eg ha ein Cavalier King Charles Spanniel.  Eg ser nett ut som ein sånn. Men min mann vil ikkje ha ein hund med lang pels, så det kan eg gløyma.







Hvis hunden skal matche leiligheten veit eg ikkje ka eg skal velga. Her er det så mange ulike stiler at det ikkje er råd å velge ut ein. Her er det nemlig både retro, shabby chic, english country, fransk landstil og Bergensk 50-tallstil. Den siste der e kanskje ny i Interiørbloggland? Vel, her i huset representera den alt som skulle vore fiksa som me enda ikkje har fått gjort. Nye dører for eksempel...

Uansett, hundealliansen har talt; det blir ein BEAGLE!  Eg ser ikkje ut som nåke Beagle og ikkje vett eg om den kler meg og Supergastøvlane mine heller...

Siden den e ein gammal engelsk hunderase får eg kanskje satse på litt engelsk stil då framover?






Så er problemet, kor får me tak i den? Nåken i Blogglandia som vett om ein beaglevalp i Bergenstraktene?

tirsdag 10. november 2009

Eg skal få meg... HUND!?!

Den siste tida har det blitt lite blogg. Familien min har nemlig bestemt at EG skal få meg hund. Ja det vil sei, at DEI har lyst på hund og eg vett at det blir MITT ansvar.

Eg har aldri vore nåke hundemenneske. Eg elskar kattar men er veldig allergisk. Hundar derimot, nei.

Mannen min vaks opp med hundar men har aldri hatt hund i byen og meinar egentlig at det ikkje er passande heller. Men nå ser det jaggu ut for at han har endra synspunkt og har slått seg samen med hundealliansen...




Hundeskål fra hapoo.no



Det er klart at å vokse opp med dyr kan være veldig fint men samtidig er ungane våre på god vei ut av redet så eg kan ikkje rekna med å få nåke hjelp av dei. Vel, Pusegutten på snart 10 skal jo bu hima hos mama til han er 40...

På jobben har eg blitt kraftig mobba dei siste dagane. Eg har jo alltid sagt at eg ikkje skal ha dyr og nå sitter eg altså der å diskuterer ulike rasar.

Eg sitter derfor på nettet kvar einaste kveld og leita etter informasjon om valpekurs, dressering, fòr røyting og parring. Eg har også fått utvida ordforrådet mitt; nå veit eg ka det vil seie å få los.

Hundeseng fra IKEA. (Du hendelse!)


Det hadde sikkert vore koselig med ein liten fine valp men eg er i tvil. Veldig i tvil...

tirsdag 3. november 2009

Nytt skap og et nytt og bedre liv?

Ein av jentene vår, ho på 16 år, har definitivt ikkje arva faren sine ryddige gener. (eg seier ikkje meir...) Ho har stort sett alle klesplagg + alle sko ho eig liggande i ein haug på gulvet. Detta synes hu e ganske praktisk for då har hu bedre overikt over ka hu kan ta på seg når hu står opp.




Gammalt skap med mykje rot...



Men ein dag kom hu og sa at nå ville hu begynna et nytt og bedre liv. Berre hu kunne få seg et nytt skap ville alt ordna seg. Eg meinte at det måtte gå an å bruka det gamle, opprinnelige skapet som var bygd inne i veggen men nei, hu hadde funnet et passande skap på IKEA og det skulle hu ha.

Skapet kosta knapt 500 kr og hvis hu lova bot og bedring så greitt nok for meg.


Aneboda fra IKEA

Hu måtte montera det sjølv, like greitt å lære seg IKEA med ein gong tenkjer nå eg.





For eit system!



Resultatet blei bra. Og hu er faktisk veldig flink til å holde orden nå. Det er fleire gonger eg har sett golvplankane, og det er ikke lite berre det.




mandag 2. november 2009

Halloween-gøy!

Festen på lørdag blei bare knallkjekke. 9 gutter på 10-11 år koste seg i 3 skumle timer.

Me er så heldige å ha et skummelt tørkeloft og der dekka me på med ein blodrød duk, spinndelvev, galge i taket, dødningehode-confetti og diverse lykter.

Ein av jentene skar ut gresskaret og det blei veldig fint! Det var lett, billig og veldig effektfult.







Siden Halloween ikkje er nåke særlig populært hos bloggerane måtte eg få litt mattips hos nåken elevar eg tilfeldigvis snubla over. Dei foreslo fingrer med blod (pølse med ketshup) og slim med dyr (grønn gelè med plastikk-edderkopp) I tillegg fikk de sjokolademuffins og fruktspyd. Giftig alt samen...

Så satt dei der og åt giftige og ekle saker og hadde det riktig så trivelig mens heksa fortalte dei grusomme historier.







Så sendte me heile gjengen ut for lufting mens jentene og ein innleigd kjæreste gjorde seg klar i naboens loftsbod. Her hadde me plassert eit skjellett i 1:1, godtdeposane sto klar og jentene låg under svarte laken. 

Gutane var ikkje høge i hatten då dei skulle innn til "Gamle Rasmus" For å henta snopet.

Etterpå var det film og så Good Bye!








Ein meget vellykka kveld!