onsdag 17. juni 2009

På tur... i skogen.

Då eg var over i Tigerstaden fant eg ut at eg skulle gå meg ein tur. Vanligvis når eg går på tur så er det rett opp. Det er berre sånn det er her på Vestlandet.





Ein kollega, som har ei søster som bor på Nøtterøy, fortalte meg ein gong at i Oslotraktene går dei ikkje på tur på fjellet men dei går i Marka eller Skogen.


Eg kikka litt på kartet mitt og fant ut at eg kunne gå fra Gaustad til Sognsvann på ein skogsvei.
Og for ein fine opplevelse det blei.


Ikkje blei eg svett og varm, eg kunne gå i sko som passa til antrekket (veldig viktig...) eg slapp å ha håret i hestehale. (Hata hestehale for eg ser ut som Diana Ross på ein dårlig dag når eg tar strikket ut.) Dette var rett og slett vidunderlig!


Første stykket av veien gjekk gjennom ein nydelig skog.








Det klukka fra elva og fuglange song som gale. Det lukta varm og tørr skog.








Så gjekk me på ein grusvei opp til Sognsvann. Vannet og området rundt var svært idyllisk hvis du ser bort fra eimen av eingangsgrill som låg tjukk som tåka. Omtrent som på Ulriken ein morgen i oktober.





Så gjekk me tilbake til Hospitalet kor me åt ein deilig middag. Slapp å dusja først, kunne bruke samme sko uten å vaske dei i vaskemaskinen og ikkje minst - eg var like fin på håret.

mandag 15. juni 2009

I en sal på hospitalet...

...hvor de hvite senger står. Ja eg er tilbake igjen fra hospitalet og det var jaggu godt å komma seg der ifra. Blei heilt nedbrutt av å være omgitt av alle dei svært sjuke menneskene.


Men det har vore ein interessante veka. Eg har fått meg nåken tankevekkerar og det trur eg me alle har godt av i blandt.








Eg gløymer aldri kvinna på 30+ som sa i telefonen til ein venn at hvis ikkje denne medisinen virka så kjeme eg til å dø. Hu orka ikkje å leva slik som ho gjere nå, innlagt på isolat på et hospital.


Eller guten på ca. 16 som var inne for beinmargstransplantasjon. Det kunne vore ein av mine ungar...







Eg gjøymer heller ikkje varmen og omsorgen fra alle pleierane. For ein fantastiske jobb dei gjere. Dei var ekstremt blide og positive. Dei visste ikkje ka godt dei skulle gjera for meg.


Går du inn på et hospital er det litt som å havna i ei maurtua. Masse folk som springe rundt og sjøl så kava du på for å finna rette avdeling, klinikk eller seksjon. Du får ikkje sett nåke av sjølve hospitalet før du svett og glad detter ned i ein stol på et venterom og grabba et Se&Hør eller hvis du er heldig- et interiørblad.






Eg var nå så "heldig" at eg måtte gå fra den eine avdelingen til den andre både seint og tidlig pga nåken slangar i hånda mi som kom ut fra et apparat i nåke som kan betegnast som "verdens styggate håndveske". Denne bugunder-raude veska matcha overhode ingen av mine antrekk og eg skamma meg kvar gong eg gjekk ut av rommet mitt.






Uansett, søndag morgen gjekk eg gjennom hospitalet kl. 06.45. og det var ein utrolig spesiell opplevelse. Det var ikkje et menneske å sjå, eg var heilt aleina. Det var så stille der at det neste gjorde vondt. Og det var då eg såg det. Det var då eg egentlig såg kor fint Hospitalet er. Kunsten, plantene, lyktestolpane i glassgata og dei fine trebenkene.














Eg gjekk opp i 2. etg til rett avdeling og sto på broen og såg utover og det var fremdeles ikkje et menneske å sjå, ikkje ein lyd. Så - på slaget kl. 07.00 kom dei. Som små maur kom dei fram fra ingensteder. Plutselig myldra dei fram i sine kvite klær og mjuke sko. Eg måtte kjenna litt på dei oppstukkne armane mine. Ja, dei stikker dei også, nett som maurane...







22.juni skal eg tilbake igjen for å få fasitsvaret. Eg er spent men tar det rolig. Eg får sei som Kongen seier: "Jeg er frisk til det motsatte er bevist"